Rådet for folkemusikk og folkedans inviterer til representantskapsmøte i Trondheim
 
Rådet for folkemusikk og folkedans er samordnande organ for alle som arbeider med folkemusikk og folkedans i Noreg. Onsdag 15. og torsdag 16. mars inviterer Rådet til representantskapsmøte i Trondheim. Fullstendig program finn de på heimesidene, sjå lenke til program her. Sjå fram til mellom anna gode diskusjonar, utdeling av prisar og møte med Trine Skei Grande.
 
Møte med Trine
Folkemusikk og folkedans er i vinden som aldri før. På same tid lar vi dei historiske musikkarkiva smuldre på den historiske skraphaugen. Kvifor lar vi dette skje og korleis sikrar vi tradisjonsarkiva for framtida? Rådet for folkemusikk og folkedans helsar stortingsrepresentant og leiar i Venstre, Trine Skei Grande, velkomen til samtale om musikk, arkiv og kulturarv.
 
Tidspunkt: onsdag 15. mars kl 12.45–14.15
Samtaleleiar: Knut Aastad Bråten
Stad: Loholt alle 81, NTNU Dragvoll, Idrettsbygget 4. etasje i undervisningsrommet «Dansesalen»
 
Skjermbilde
 
Utdeling av Rådet for folkemusikk og folkedans sin heiderspris
Årets vinnar av Rådet for folkemusikk og folkedans sin heiderspris er heile Noregs Leiv Solberg. Ein sentral del av Solbergs innsats er knytt til NRK og folkemusikktimen, der han har vore ein av dei viktigaste bidragsytarane til kunnskap om folkemusikkarv og levande folkemusikkliv i Noreg. Rådet ynskjer velkomen til festmiddag og prisutdeling på Sverresborg (krev påmelding).
 
Tidspunkt: onsdag 15. mars 20.00–22.00
Stad: Sverresborg, Trøndelag Folkemuseum, Sverresborg Alle 13
 
Representantskapsmøte 
Kva meiner du Rådet for folkemusikk og folkedans skal bruke ressursane og kreftene sine til i 2017? Bli med i debatten og samtalen om arbeidsprogram, strategi og innsats for alle sektorar i arbeidet med folkemusikk og folkedans i Noreg i 2017 .
 
Tidspunkt: torsdag 16. mars kl. 10.00–12.00
Stad: Sverresborg, Trøndelag Folkemuseum, Sverresborg Alle 13

  

 

Postadresse:
Norsk senter for folkemusikk og folkedans
Dragvoll, Idrettssenteret
7491 Trondheim

Besøksadresse:
Loholt Allé 81
Dragvoll, Idrettssenteret,4. etasje
(7049 Trondheim)

Sff alle rettigheter | admin | adminb | Webside levert av fagtrykk.no

Ekstra informasjon