Stiftelsen besluttet i styremøte 26.11.2013 samt 29.01.2014 å søke Stiftelsestilsynet om godkjenning av vedtektsendringer. Bakgrunnen for søknaden var at styret ønsket en tydeliggjøring av roller mellom de styrende organ. Stiftelsens formål er uendret. Stiftelsens navn ble endret. De nye reviderte vedtektene har vært behandlet og godkjent av Råd og i Representantskapsmøte og ble godkjent av Stiftelsestilsynet 10.02.2014.

 

§ 1.        Namn og rettsleg stilling

Stiftinga for folkemusikk og folkedans er ein sjølvstendig institusjon organisert som stifting. 

Stiftinga har tre organ:

•             Ho blir leia av eit eige styre.

•             Ho har Representantskapsmøtet, som fagleg samlande og rettleiande organ.

•             Ho har Rådet, som utoverretta, samordnande og forvaltande organ. 

 

Stiftinga omfattar vidare ei utøvande verksemd, Norsk senter for folkemusikk og folkedans som er underlagt styret.

Institusjonen starta i 1972, vart etablert som stifting i 1992 og har sete ved Sentret sitt i Trondheim

§ 2.        Mål

Hovudmål
Stiftinga for folkemusikk og folkedans vil fremja, verna og føra vidare norske folkemusikk- og folkedanstradisjonar som eit uttrykk for kulturell identitet og som bærer av særeigne kvalitetar.

Delmål
Samordna innsats
Rådet og Representantskapsmøtet skal fungera som reiskap for alle greiner i arbeidet for og med norsk folkemusikk og folkedans slik at kreftene kan samordnast, innsatsen få større tyngde, tilboda kan gjerast meir varierte og ressursane kan utnyttast betre.

Sakkunnskap i offentleg forvaltning
Rådet skal fungera som ein reiskap for offentleg forvaltning i saker som gjeld norsk folkemusikk og folkedans for å sikra representativitet og sakkunnskap.

Vitskapleg arbeid
Sentret skal dokumentera og granska norsk folkemusikk og folkedans og formidla kunnskapen frå arbeidet.

Kvalitet og breidde i folkemusikk og folkedans
Sentret skal arbeida for auka kunnskap om forståing for norsk folkemusikk og folkedans, for betra utøving og for auka deltaking og interesse.

Her finner du vedtektene

  

 

Postadresse:
Norsk senter for folkemusikk og folkedans
Dragvoll, Idrettssenteret
7491 Trondheim

Besøksadresse:
Loholt Allé 81
Dragvoll, Idrettssenteret,4. etasje
(7049 Trondheim)

Sff alle rettigheter | admin | adminb | Webside levert av fagtrykk.no

Ekstra informasjon