Danseperler fra Finnmark

 

Publisert 10 november 2014

Festivalkunstnar under Dansefestival Barents, folkedansar og koreograf Sigurd Johan Heide, ønska å vise fram tradisjonsdansen i Finnmark og fekk hjelp frå Torill Steinjord ved Senter for folkemusikk og folkedans til arrangementet "Danseperler fra Finnmark."

Finnmark har eit breidt spekter av tradisjonar som rommar songleikar, runddansar, europeiske turdansar og tradisjonar i skjeringspunktet mellom dei ulike kulturane i fylket; norsk, samisk, finsk, kvensk, russisk. Heile fylket langs kysten frå vest til aust og dei ulike danseformene vart representert med smakebitar frå film og tilleggsinformasjon frå boka "Dansetradisjoner fra Finnmark" (Egil Bakka og Arne Wikan, 1996) - som innheld dansebeskrivelar basert på nettopp desse opptaka og konteksten for dansen ut frå intervju med informantar.

Både vanlige festivalgjengarar (som vanlegvis ikkje ser desse danseuttrykka) og lokale entusiastar møtte opp. Det var særlig stas for nokre av publikumarane som fekk sjå slektningar på film.

 

http://www.dansefestivalbarents.no/2014/forestillinger2014.php?DOC_INST=20

Heide har også vist fram tradisjonsdans og -musikk fleire gongar gjennom festivalveka med m.a. hardingfeleverket ANG og "Kan du komme ned å hente meg?"