Velkommen til Nordisk instrumentseminar

Publisert 14 oktober 2013

Nordisk instrumentseminar
Valdres Folkemuseum, 12.–14. november Valdresmusea, Norsk senter for folkemusikk og folkedans og Eric Sahlström Institutet inviterer til Nordisk instrumentseminar på Valdres Folkemuseum i Noreg, 12.–14. november.

Nordisk2013.jpg

Dette er fyrste gongen at eit slikt instrumentseminar blir arrangert i Noreg. 40 inviterte gjester frå Sverige, Finland, Island og Noreg skal bidra med foredrag, debatt, konsert, utstilling og workshop. I tillegg ventar vi påmelding frå instrumentmakarar, forskarar og spelemenn frå heile Norden.

Det er dei eldste, nordiske strengeinstrumenta som står i sentrum for Nordisk instrumentseminar. Eit viktig mål med seminaret er derfor å etablere nettverk og møteplassar for alle som jobbar med og som interesserer seg for folkemusikk og instrumentproduksjon i Norden.

Program og påmelding
Vi legg opp til innhaldsrike dagar på Valdres Folkemuseum med foredrag og presentasjonar og med god tid til uformelt prat i pausane. Sjå vedlagt program og prosjektskisse. Påmelding til Ole Aastad Bråten innan fredag 25. oktober.

Velkomen til seminar i november!

Program

Prosjektskisse