Varsel om innkalling til Representantskapsmøtet 2019

Varsel om Representantskapsmøtet 2019 i Stiftinga Norsk senter for folkemusikk og folkedans

I tråd med nye vedtekter for Stiftinga Norsk senter for folkemusikk og folkedans vil styret hermed varsle om at Representantskapsmøtet i 2019 er lagt til Oslo, Riksscenen, mandag 23. september kl. 1000-2100. Vi kjem tilbake med påmelding og eiga innkalling til sjølve representantskapsmøtet ein månad før, men ønskjer alt no å varsle om programmet for dagen. Programmet og innkallinga skjer i samarbeid med det tidlegare Rådet i stiftinga, som vil vere ansvarleg for debatt og prisutdelingar.

Vi inviterer til følgjande program for dagen:

10.00 Opning ved styreleiar Oddrun Samdal
Musikalsk innslag
10.15 Debatt om Kulturmeldinga ved Ole Aastad Bråten og Johan Einar Bjerkem
12.00 Lunsj
13.00 Representantskapsmøte (innkalling med saksliste vert sendt i august)
15.00 Pause
15.15 Fagpublikasjonsprisen vert delt ut til Einar Gjærevold, Anders J. Reitan og John Ole Morken for boka Den store leken. Anders Haugen. Spellmann på Rørosvidda.
16.30 Enkel middag
18.00 Rff-prisen vert delt ut til Egil Bakka for hans eineståande innsats for å ta vare på og vidareføre norsk folkemusikk og folkedans gjennom forsking, opplæring og formidling, blant anna gjennom etablering av Stiftinga Norsk senter for folkemusikk og folkedans
19.00-20.00 Forestilling på Riksscenen ‘Sviver i det’ (Bygda dansar Rogaland) – alle må kjøpe billettar sjølve på https://www.riksscenen.no/sviver-i-det.6227837-477502.html
Med påfølgjande dans ei lita stund
21.00 Slutt


Overnatting
Dei som ønskjer overnatting under representantskapsmøtet, må bestille og gjere opp dette direkte. Anker Hotel i Storgata 55 ligg om lag 5 minutts gange frå Riksscenen, og har tilgjengelege rom. Elles er det eit stort utval av hotell i sentrum.


For praktiske spørsmål om møtet, ta kontakt med postmottak@folkemusikkogfolkedans.no.

Velkomen til representantskapsmøte, debattar og fest!


Beste helsing
Styreleiar Oddrun Samdal og tidlegare rådsleiar Ole Aastad Bråten

Varsel om Representantskapsmøte 2019 i Norsk senter for folkemusikk og folkedans (tidligere Stiftinga for folkemusikk og folkedans)

Styret takker for innspillene til framtidig organisering av og strategi for stiftinga (https://www.folkemusikkogfolkedans.no/styremter ). Styret vedtok og signerte forslag til nye vedtekter av 26. februar 2019 (se vedlegg 1). Stiftingas formål er ikke endret. I de nye vedtektene er: navnet endret til Norsk senter for folkemusikk og folkedans, organet Rådet for folkemusikk og folkedans er lagt ned og Representantskapsmøtet er valgorgan til styret.

Program for fagdagene 2011

Som i 2010 legges Representantskapsmøtet i Rådet sammen med fagdagene til Rådet for folkemusikk og folkedans. Fagdagene vil bli holdt på Quality Hotel Augustin (torsdag 3. november) og ved Rff-sentret i Idrettsbygget på Dragvoll (fredag 04. november). Program med oversikt over seminarene og innlederne følger under.