Til Representantskapsmøtet 2005

 

Publisert 10 oktober 2012

Rådet sin langtidsplan
Denne planen er skriven av Rådet sitt arbeidsutval og Rådet vil handsama han på møtet sitt dagen før Representantskapsmøtet. Han blir sendt ut til deltakarane på Representantskapsmøtet i denne førebelse forma.

Representantskapsmøtet 2005 er det første som arbeider etter nye vedtekter der Representantskapsmøtet har vidare oppgåver enn før. I vedtektene heiter det:

§ 9. Representantskapsmøtet sine funksjonar
Representantskapsmøtet er generalforsamling for Rådet. Det kjem saman ein gong i året, seinast 15. november, og er med og stakar ut dei store linjene i Rådet sitt arbeid gjennom drøftingar av prinsipielle og faglege spørsmål. Det godkjenner årsmelding, langtidsplan med budsjett og rekneskap for midla Rådet har råderetten over. Det skal òg vera eit forum der alle sektorar i arbeidet for og med norsk folkemusikk og folkedans møtest og drøfter og fremjer saker av felles interesse med Rådet som utøvande organ. Kvart fjerde år vel Representantskapsmøtet medlemer og varamedlemer til nytt Råd.

Rådet har difor utforma ein langtidsplan for verksemda si. Den byggjer på hovudmålet til Stiftinga Rådet for folkemusikk og folkedans, og dei to delmåla som gjeld verksemda til sjølve Rådet:

Hovudmål

Rådet for folkemusikk og folkedans vil fremja, verna og føra vidare norske folkemusikk- og folkedanstradisjonar som eit uttrykk for kulturell identitet og som bærar av særeigne kvalitetar.

Delmål

Samordna innsats
Rff ved Rådet skal fungera som ein reiskap for alle greiner i arbeidet for og med norsk folkemusikk og folkedans slik at kreftene kan samordnast, innsatsen få større tyngde, tilboda kan gjerast meir varierte og ressursane kan utnyttast betre.

Sakkunnskap i offentleg forvaltning
Rff ved Rådet skal fungera som ein reiskap for offentleg forvaltning i saker som gjeld norsk folkemusikk og folkedans for å sikra representativitet og sakkunnskap.

Innleiing
Når Rådet no legg fram sin første langtidsplan til direkte handsaming på Representantskapsmøtet bygger det på ein del føresetnader og prioriteringar.

Rådet er breitt samansett, representativt og fagleg sterkt, men som ein konsekvens er det stort, slik at arbeidsinnsats i samla Råd blir dyr og krev mykje tid og ressursar.
Rådet får tenester frå Rff-sentret som er eit fagorgan spissa mot arkivdrift, forsking, undervising og formidling. Oppgåver som Rff-sentret ikkje har spesialkompetanse til er difor vanskelegare å få gjennomført effektivt.

Det er difor viktig å sjå på kva oppgåver det er tenleg og effektivt at Rådet tek tak i og brukar krefter på, og kva oppgåver som bør løysast av andre.

Rådet kan som eit representativt og tungt fagleg organ ha innverknad og påverknadskraft i offentleg forvalting. Det kan byggja opp kanalar til det offentlege som sikrar kontinuitet i eit breitt spekter av dialogar som folkemusikk- og folkedansfeltet elles fell ut av.

Det kan sikra at interessene til heile feltet blir fremja, og ha eit heilskapssyn med rimeleg balanse når dei enkelte aktørane naturleg nok kvar arbeider for sine interesser. Rådet kan også sjå heile breidda i feltet og hjelpa fram kontaktar, samarbeid og samordning på tvers av dei ulike sektorane.

Det kan hjelpa fram og styrka initiativ som det er semje om på feltet, og tala institusjonar og organisasjonar eller enkeltaktørar si sak når det skjer på eit prinsippielt grunnlag.

Rådet har i denne første planen lagt hovudvekta på å føra vidare, utvikla og forbetra arbeidet med dei oppgåvene det alt har.

Arbeidsplan

Aktivitetsmidla
Rådet vil halda fram arbeidet sitt med å søkja og administrera aktivitetsmiddel for folkemusikk og folkedans. Vi legg ved eit oversyn over utviklinga når det gjeld aktivitetsmidla til Rådet.

Rådet ser arbeidet sitt med aktivitetsmidla som ei hovudoppgåve. Aktivitetsmidla er ein viktig ressurs det norske folkemusikk- og folkedansfeltet. Det er i stor grad Rådet som har arbeidd fram midla opp gjennom åra. For 2005 var aktivitetsmidla samla på vel 2,3 millionar. Det viktigaste ved midla er kanskje ikkje storleiken, men heller at det her finst ein pott som feltet sjølv gjennom Representantskapsmøtet og Rådet kan styra og tilpassa feltet sine behov. Det er også middel feltet gjennom målmedvite og samordna arbeid vil kunna få auka.

Rådet ser det som si oppgåve å sjå til at midla blir administrerte og fordelte på ein så effektiv måte som råd, slik at mest mogleg går til formåla og minst mogleg til administrasjon.

Rådet ser det som avgjerande at midla blir brukte på måtar som gir mange og gode resultat. Slik kan ein sikra at både styresmaktene og feltet sjølv ser verdien i å halda midla oppe og jamvel auka dei. Samstundes bør noko av midla bli brukt til nye, eksperimentelle forsøk utan store suksessgarantiar. Då må Rådet vera eit lydhøyrt og velorientert organ som heile tida følgjer med og vurderer utvikling og endringar innafor feltet og tilpassar prioriteringar og regelverk til aktuelle behov og situasjonar. Dette bør skje i nært samarbeid med Representanskapsmøtet.

Rådet fordeler løyvingar frå aktivitetsmidla både til små tiltak gjennom veletablerte søknadsordningar og til større og relativt nye tiltak som får pengane øyremerka frå departementet:

Tiltaksmidla
Formidlingsstøtteordninga
Den norske folkemusikkscena
Bygda dansar
Sekretariat for Norsk folkemusikklag

Rådet vil såleis både å halda oppe og vidareutvikla det veletablerte og vera med i utviklinga av nytt. Når det gjeld støtteordningane har Rådet ei kjensle av at det faglege arbeidet for og med folkemusikken og folkedansen har sakka noko etter. Ein av grunnane kan vera det strenge friviljugheitsprinsippet som ligg til grunn for tiltaksmidla. Det er først og fremst støtte til dekking av utgifter som har vore gitt, og berre arbeidsstipenda har hatt rom for godtgjersle. Rådet trur det er på tide å mjuka opp dette.

Som det går fram av budsjettet gjer Rådet framlegg om å søkja auka til både tiltaksmidla og formidlingsstøtta og i tillegg til ei ny tilskotsordning vi kallar prosjektmiddel til tyngre undervisingsprosjekt. Vi siterer argumentasjonen i budsjettsøknaden for 2006 nedanfor. Rådet finn at argumentasjonen framleis er gyldig:

"1.1. Prosjektmiddel til undervisningsprosjekt 500.000
Folkemusikk- og folkedansmiljøet har fått svært mange profesjonelle og halvprofesjonelle aktørar som gjerne vil utvikla og gjennomføra spesialiserte og målretta undervisningsopplegg på ulike nivå i skule- og utdanningssystemet. Folkemusikk og folkedans synes framleis å vera svakt representert både i skuleverket og i kulturskulane. Det vart også blitt gitt lite nasjonale middel frå Skolesekken til folkemusikk og folkedans. Dersom det ligg realitetar bak formuleringane i Kulturmeldinga om Noreg sitt spesielle ansvar for eigen folkemusikk og folkedans trengst det tiltak for å inspirera og styrka undervisninga. Vi trur at prosjektmiddel til utvikling og gjennomføring av spesialiserte undervisningsopplegg på godt nivå vil vera eit veleigna virkemiddel. Skal midla gi nokon effekt må ein kunna dela ut mellom 25.000 og 50.000 pr. prosjekt og Rådet søkjer her om å få oppretta ei støtteordning som kan gi rom for 10 til 15 prosjekt. Midla kan brukast til å utforma, prøva ut og setja i drift spesialiserte lokale undervisningsopplegg. Det kan gi dyktige utøvarar/pedagogar økonomi til å utvikla og få starta opp undervisningsprosjekt i lokale kulturskular der det ikkje er lokal vilje til prioritering i første omgang. Det kan gi grunnlag for undervisningsturnear for folkedansinstruktørar osv."

Høyringar, nemnder og utval

Rådet har alltid fungert som høyringsorgan for statlege utgreiingar og planar av ulike slag. Rådet ser det som viktig at det finst ein aktiv og tung sakkunnig part innanfor folkemusikk- og folkedansfeltet som kan sikra at feltet sine syn og interesser kjem til uttrykk i slike samanhengar.

Av aktuelle saker Rådet arbeider med kan nemnast:

Konvensjonen om vern av den immaterielle kulturarven frå UNESCO
Oppfølging av nye læreplanar i Kunnskapsløftet
Drøftingane med NOPA/TONO om vederlagspengar for bruk av folkemusikk
Arbeid for å sikra folkekunsstipenda

Dette er saker Rådet vil følgja vidare.

Representantskapsmøtet

Rådet ser på Representantskapsmøtet som ein sentral møtestad for folkemusikk- og folkedansfeltet, og ser det som viktig å heile tida å evaluera og tilpassa møtet. Representantskapsmøtet vert i 2005 første gongen halde utanfor Trondheim. Rådet vil nøye evaluera korleis dette fall ut i vidare arbeid med utviklinga av møtet.

Utvikling og samordning av større felles løft for feltet
Rådet var i si tid sentral i å få fram middel til ei eiga formidlingsteneste for folkemusikk- og folkedansfeltet, noko som la grunnlaget for Den norske folkemusikkscena.

Rådet har stått sentralt i arbeidet med 3 større utgreiingar om folkemusikk- og folkedansfeltet:

Braseth-utgreiinga frå 1982
Handlingsplanen frå 1994
Arnestadutgreiinga frå 2001

Rådet har støtta opp om eller gitt innspel til ulike nyskapingar og prosjekt. Som døme nemner vi:

Arbeidet med folkemusikklinjene i vidaregåande skule
Bygda dansar
Riksscena for folkemusikk og folkedans

Rådet står klar til å gå inn som medarbeidar i slike tiltak, eller setja i gang prosjekt på eiga hand.

Kontakten med departementa og Stortinget
Rådet prøver å ha ein jamleg dialog med sentrale personar i dei departementa som er viktigast for feltet vårt. Rådet har direkte tenesteveg til Kultur- og kyrkjedepartementet og legg vekt på å bruka den ressursen. Rådet prøver også å halda kontakt med kulturpolitikarane på Stortinget. Kontakten med sentrale offentlege instansar som ABM-utvikling og Norsk kulturråd er også viktig for å hjelpa fram prosjektmiddel.

Rådet har søkt om og fått støtte til prosjektet "Samdans" hos Norsk kulturåd.
Rådet er på initiativ frå det årlege arkivmøtet med i søknadsarbeid for arkivprosjekt