Listeføring av immateriell kulturarv

Publisert 04 september 2012

Senter for immateriell kulturarv SIKA - Norsk handverksutvikling - NHU på Lillehammer og Norsk Senter for folkemusikk og folkedans i Trondheim har starta eit samarbeid for å utvikla ein samordna datastruktur for å registerera og listeføra Immateriell kulturarv i Norge.

Begge institusjonane har frå tidlegare store digitale databaser for andre formål og spesialiserte nettstader sektorvis, så her er det tale om samordning og om å utvikla noko som gir lokalmiljøa høve til å spela inn element av immateriell kulturarv som dei gjerne vil gjera synlege i eit slikt register. Tanken er då vidare at dei som arbeider med kultur på alle moglege plan skal kunna finn oversyn over immateriell kulturarv som lokalmiljøa sjølve ønsker verna. Slik kan til dømes skular og kulturskular lettare få tilgang til kunnskap om slikt. Arbeidet er nå i startfasen.