Pressemelding

Rådets støtteordninger, Prosjektmidler 2/18, 19.10.18.

Rådet for folkemusikk og folkedans behandla 45 søknadar i andre tildelingsrunde. 27 søkjarar får støtte til prosjekta sine.

Rådet sine støtteordningar skal utgjere ein forskjell blant tilskottsordningane på kulturområdet, mellom anna er det mottakarar som ikkje er kvalifisert til andre tilskottsordningar. Lågterskeltilbod og undervisning på grasrotnivå gir ofte stor utteljing og råkar målgruppene direkte.

I denne runda har Rådet bevilga mellom anna til dei store sommarkursa Mokurset og Strunkeveko. Rådet gir også støtte til rekrutteringstiltak for instruktørar og dansarar i Lakselv og etablering av eit forum for dansarar og spelemenn i Trysil og Engerdal. Faglige seminar og dokumentasjon er òg ein viktig innsats for Rådet, som gir støtte til Norsk folkemusikklags sitt jubileumsseminar i Bø og Håvard Svendsrud i arbeidet med sikring og restaurering av 6 LP-produksjoner frå 1970-talet. Berit Opheim får arbeidsstipend til innsamling av folkesong på Voss. Det same får Eli Storbekken som skal bearbeide 50 folkesongar for bok og cd.

Det var mange gode søknadar denne gongen og behovet for ei tilskottordning særskilt for folkemusikk- og folkedansmiljøet er stort. Samla søkesum var på kr. 1 777 650 medan Rådet hadde 493 000 kroner til utdeling.

Ole Aastad Bråten
Rådsleiar