Prosjektleiinga er klar

Publisert 27 juni 2014

I august startar Bygda dansar opp i Akershus. Det treårige prosjektet får ein prosjektleiar og to medarbeidarar.

Mathilde Øverland er tilsett som prosjektleiar. Øyvind Sandum og Trine Sjølyst er tilsette som prosjektmedarbeidarar. Alle tre er røynde dansarar.

Prosjektet vert drive av Norsk senter for folkemusikk og folkedans. Det vert finansiert gjennom midlar frå Kulturdepartementet og Akershus fylkeskommune. Samarbeidsorganet for folkemusikk og folkedans i Akershus står som lokal søkjer for prosjektet.

  Fotografar: Bildet av Mathilde Øverland er privatfoto/Rff-sentret Bildet av Øyvind Sandum er tatt av Kjetil Jacobsen Bildet av Trine Sjølyst er tatt av Haakon Harris

Fotografar:
Bildet av Mathilde Øverland er privatfoto/Rff-sentret
Bildet av Øyvind Sandum er tatt av Kjetil Jacobsen
Bildet av Trine Sjølyst er tatt av Haakon Harris