Pressemelding: Rådet for folkemusikk og folkedans gjev støtte til 17 prosjekt

Publisert 13 november 2015

   Foto; Rådsleiar Anne Tone Hageland, Vest-Agder fylkeskommune

Foto; Rådsleiar Anne Tone Hageland, Vest-Agder fylkeskommune

Stiftinga Rådet for folkemusikk og folkedans forvaltar ein tilskottordning for fremjing, vern og vidareføring av folkemusikk og folkedans. I andre tildelingsmøte i 2015 vart det gjeve støtte til 17 prosjekt på til saman 405 000 kroner.

Ordninga skal vere til hjelp for enkeltpersonar, institusjonar, lag og organisasjonar som søkjer støtte til publisering, kurs, opplæring og arbeid med undervising og utviklingsprosjekt. Barn og ungdom er ei særleg målgruppe for tilskottsordninga.

Det er Rådet, eit fagleg organ oppnemnt av folkemusikkmiljøet, som to gonger i året deler ut pengar til folkemusikk- og folkedansmiljøet. I 2015 har Rådet fordelt 1 225 000 kroner til ei rekkje gode prosjekt.

– I andre tildelingsrunde i år har Rådet behandla 46 søknadar med ein samla søkjesum på 1 745 000 kroner. Rådet valde å prioritere bokprosjekt og grunnopplæringskurs for barn og ungdom, seier Anne Tone Hageland, som er leiar i Rådet for folkemusikk og folkedans. Ola Graff sitt bokprosjekt, til dømes, om forbodet mot joik i skulen i Kautokeino, fortel om det norske synet på den samiske songtradisjonen. Denne boka blir ein viktig påminnar om korleis musikk og kultur blir verkemiddel til diskriminering, disiplinering og kontroll av eit heilt folk.

Det er òg gledeleg at folkemusikken og folkedansen vinn plass i kulturskulene. Tiltaka Oslo-samlinga og Folkemusikk- og folkedansehelg i Suldal viser korleis samarbeid mellom frivillige, lag og organisasjonar og kulturskulene kan vere med å sikre den folkekulturelle grunnmuren i Noreg. Dette er i anda for tilskottordninga, seier Hageland.

Fullstendig oversikt over tilskotta finn du på www.folkemusikkogfolkedans.no