Offentliggjøring av filmopptak fra Velfjord i 1978

Publisert 02 november 2015

_film-1978.png

I samarbeid med Brønnøysund avis har Norsk senter for folkemusikk og folkedans i høst arbeidet med å innhente løyver for publisering av et filmopptak av dansen "Stiger fra Velfjord". Dette filmopptaket ble gjort av Egil Bakka på Folkets Hus i Sausvatn under et innsamlingsfeltarbeid i Sør-Helgeland i 1978. Brønnøysund avis har vært veldig behjelpelig med å finne og sørge for underskrift av familiemedlemmer av dansere og spelemann på filmopptaket. På denne måten kan vi på Sff publisere materialet offentlig gjennom våre kanaler. Brønnøysund avis har laget en fin nettavisartikkel om Stiger-dansen fra Velfjord som kan leses her. Filmklippet av dansen ligger på Sff sin Youtube konto her

Vi ønsker også å benytte anledningen til å formidle feltarbeidsnotatene til professor emeritus Egil Bakka fra 1978. Dette er verdifull kunnskap vi som jobber som musikk-og dansekonsulenter benytter oss av i stor grad for å få innsikt i og kunnskap om det som ble sagt og gjort da Egil Bakka filmet og samlet inn denne flotte immaterielle kulturarven vår som tradisjonsdans er.

 

"INNSAMLING SØR-HELGELAND

Vi starta då vi kom med ferja til Vennesund måndag ettermiddag, kjørte mot Sørkvaløy og etter å ha prata med to personar som ikkje visste noko her ute, vart vi sendt til Endor Vågen.  Kona hans sende oss til Brynjulf Langås.  Etter ein prat med han tok vi kvelden.  Dagen etter prata vi med forskjellige på Sømna omkring Vik, og intrykket var at polsdansen hadde vore lite brukt, men at dei skilde han frå springaren.  Ingen kjende noko til sving under armen eller noko vendings delstak ut over h/v begge fram eit par bytomfotsteg.

Tysdag ettermiddag drog vi til Velfjord og fekk snart kontaktar der som visste om polsdansarar.  Det var dei 3 Fossmosøskjena, Ingvar Bjerkhaug og Ole og Ingrid Drevland som alle nemde.  Dei 3 Fossmoane var også velvillige og lova å koma på filming.  Dei fortalde at det helst var positiv det hadde vore dansa til, og det var noko alle var samde om.  Det har truleg vore nær sagt einaste dansemusikken i Sausvatn i ein lenger periode.  På Strøm hadde nok også fela vore mykje brukt, sjølv om dei og hadde brukt positiv.  Det var merkeleg nok i Indre Velfjord, (Sausvatn særleg) at polsen hadde halda seg.

Fossmoane meinte vi måtte få Jan Saus sitt positiv.  Dei meinte også at vi kanskje kunne få med søster hans til å dansa, men visste ikkje fleire.  Jan Saus var svært velvillig og søstera skulle og koma om ho kunne for fjøset.  Vi måtte setja tida til 17 fordi Saus skulle henta folk som kom med fly til Brønnøysund om kvelden.  Han foreslo også Svanhild (?) Andersen og Dagmar Nilsen, på Torsaunet, men då vi kom dit var ingen av dei heime.  Då vi snakka me Fossmoane om positivet sa dei at Jan Saus knapt hadde spela mykje til dans, men at han kunne godt.  Dei meinte Edvin Nysted var ein av dei som hadde spela mest.  Då eg spurde om Jan Saus visste av ein eldre til å sveiva, nemde han også Edvin Nysted, han var hjå Saus og spela på positivet rett som det var.  Han ringde til Nysted straks og lova å henta han.  Vi fann ikkje Ingvar Bjørkhaug og tok så kvelden. 

Onsdagen reiste vi til Brønnøysund og snakka med Ingrid Drevland, mannen var ikkje inne, men ho lova at dei skulle sjå om dei ikkje tok bussen til Sausvatn og blei med på filminga.  Så drog vi til Velfjord att snakka med Astrid Dypaunet, ei nokså ung dame 30-åra - og Paul Dypaunet i 60-åra - Dei var begge nemde som flinke gamaldansarar og skulle koma om dei fekk det til.

Så var vi på Strøm og intervjua Arnulf Strøm.  Vi var innom Velfjord Bygdemuseum der det var eit gamalt positiv som var laga i Velfjord, men styraren var bortreist og kona kunne ikkje spela det, så vi fekk ikkje opptak.

Så var det på tid å reisa til Folkets Hus for å førebu filminga.  Den eldste av Fossmosøstrene var litt skeptisk til å dansa og hadde sagt at ho ikkje kom då eg prata med broren i telefonen.  Den andre var på arbeid til 16:30 og kunne vanskeleg nå det til 17.  Men dei kom alle 3 presis 17, likeeins Jan Saus, søster hans og Edvin Nysted.  Gunvor henta Ingvar Bjerkhaug som vi skulle snakka med tidleg på dagen, og alle var positivt innstilt og vi sette i gong straks og alt gjekk greitt unna.  Einast polsdansen sytte dei litt med.  Jan Saus hadde dansa han lite og hadde dessutan dårleg rygg.  Ole Fossmo hadde eit vondt kne.  Edvin Nysted sveiva positivet, og tykte tydeleg om det.  Ingvard B. prøvde seg også litt før filminga og kunne det heilt tydeleg.  Jan Saus spela inn dei siste slåttane då vi spela gjennom heile repertoaret etter filminga.  Han starta på hoppvalsane, trur eg, eller på pariser kanskje.

Torsdagen, 22.06., var vi og intervjua Egil Rosenvinge, Astrid Rosenvinge og Ole og Ingrid Drevland før vi reiste nordover."