Arkivseminaret 2018

Nettverk for norske folkemusikkarkiv sitt årlege arkivseminar vart arrangert 20. og 21. mars med i alt 22 deltakarar. Vi fekk bl.a. statusrapport om den nye folkemusikkdatabasen som er under utvikling av NRK og Nasjonalbiblioteket. Ansvarleg for den gamle Fiol-databasen, Per Gudmundson, heldt eit innlegg med tankar om utfasing og overgang til det nye systemet. Elles om Kulturrådet sitt pilotprosjekt som skal kartleggje og vurdere upublisert lyd- og filmmateriale innan feltet folkemusikk og folkedans. Det vart òg halde tre innlegg av reint folkedans- og -musikkfagleg art.

 Foto: Sff

Foto: Sff