Kong Nor – Noreg sin grunnleggar?

Publisert 09 mai 2014

I samband med Grunnlovsjubileet stiller nyproduksjonen Kong Nor spørsmål om kvar ideen til Noreg kjem frå. Kva er opphavet til landet? Svaret kan vi finne i ei ukjend myte, ei eventyrleg forteljing om Kong Nor, som etter harde kampar, la under seg landet ”vest for Kjølen” og kalla det opp etter seg sjølv, Nor-vegen!

Framsyninga byggjer på myten om Kong Nor. I forteljinga får vi også høyre om Dovrefjell. Fjellkjeda dannar eit nasjonalmerke, eit identitetsmerke som mennene på Eidsvoll viste til i eiden: ”Einig og tru til Dovre fell.” Kva fortel myten om Kong Nor og Dovrefjell oss om opphavet vårt?

- Det viser seg at myten om Kong Nor er lite kjent for dei fleste i dag. Den kan fortelje noko om bakgrunnen til nordmenn, kva dei har trudd på, og kvar dei på ein måte stammar ifrå. Historie om Dovrefjell finn vi også i Sverige, så det er tydeleg at Dovrefjell har hatt ein sentral plass for folk også utanfor Noreg, seier Leif Stinnerbom som er regissør for oppsetjinga.  

Leif Stinnerbom er den fremste regissøren for forteljande teater med folkemusikk og folkedans. Han har sett opp ei rekke produksjonar både i Sverige og Norge. Mange hugsar spesielt oppsettingen av Tryllefløyten som turnerte i begge land i 2005. Med ein gong Stinnerbom las historia, fall han for den.

–Det mytiske landskapet, og sagaverda, er fantastiske kjelder til sceniske oppsetjingar slik som denne. I Kong Nor nyttar vi folkemusikk og folkedans til å drive handlinga. Historieforteljing slik som i dei gamle mytane og segna, ligg veldig nær kjernen i folkemusikken og dansen. Det er dette eg freistar å utnytte i oppsetjinga.

Myten fortel at Nor var son av ein jotunkonge i Kveneland. Han hadde ein bror som heitte Gor, og ei syster som heitte Goe. Ein dag vert systera brått borte. Brørne bestemmer seg for å reise ut og leite etter ho. Gor reiser med skip langs kysten, og Nor reiser på ski over landet. Kvar dei kjem blir det kamp, og kvar dei kjem legg dei nytt land under seg. Slik delar dei landet mellom seg, Gor får øyane og Nor får fastlandet.

Historia om Kong Nor er også skildra i den islandske Flatøyboka frå ca 1380. Den vert i høve Grunnlovsjubileet 2014 sett over til norsk.

Kong Nor har premiere på Riksscenen i Oslo 10. mai kl 20.00. På scena står eit utval av dei beste folkemusikarane og dansarne i Noreg i dag. Dette er Daniel Sandén-Warg, Anders Røine, Unni Boksasp, Jon Anders Halvorsen, Silje Onstad Hålien, Torkjell Lunde Børsheim, Hæge Manheim og Øyvind Sandum.

Regi: Leif Stinnerbom

Koreografi: Sigurd Johan Heide

Manus: Eldgrim Springgard

Kostyme: Inger Hallström Stinnerbom

Kong Nor er eit bestillingsverk til Grunnlovsjubileet frå Norsk senter for Folkemusikk og folkedans, Førdefestivalen og Riksscenen.

 

Speleplan:

10. mai: Riksscenen i Oslo

11. mai: Traktorstallen ved Eidsvoll verk

31. mai: Folkemusikkveka, Ål kulturhus

24. juni: "Verdensrommet", Festspillene i Nord-Norge, Harstad

05. juli: Førdefestivalen, Førdehuset

25. juli: Jørn Hilme stemnet, Fagernes Kulturhus

29. august: Eilert Sundt huset, Farsund

31. august: Istindportalen, Målselv, i samarbeid med Kalottspel

04. oktober: Gullbring kulturhus, Bø, i samarbeid med Telemarkfestivalen

25. oktober: Osafestivalen, Voss gamle kino

08. november: Hilmarfestivalen, Dampsaga, Steinkjer

  Foto: Knut Utler

Foto: Knut Utler