Kulturminneåret - ikkje for immateriell kultur?

 

Publisert 31 august 2012

Pressemelding frå Rådet for folkemusikk og folkedans

Er framleis det gamle huset meir verneverdig og verdfullt enn den gamle dansen, og den gamle slåtten som fylte huset? Det ser ut til at Kulturminneåret heilt og fullt er lagt i hendene på dei som står for vernet av den materielle kulturen, og at alt fokus ligg der. Skal også pengane gå dit? Kven talar saka til den mest typiske delen av immaterielle kulturen, som musikk og dans?

Rådet for folkemusikk og folkedans representerer dei mange tusentals aktivistane som like sidan tida omkring 1900 har verna og ført vidare den immaterielle kulturarven av dans og musikk i hovudsak på friviljug basis. Det er sjølvsagt å gi pengar til å verna eit gammalt hus, men framleis ser det ikkje ut til at dansen og spelet som fylte i huset skal ha fokus, sjølv om dansen og musikken kan ha like gamle røter og vel så stort særpreg.

I 2003 vedtok medlemslanda i UNESCO, FNs organisasjon for utdanning, vitskap, kultur og kommunikasjon ein konvensjon for vern av immateriell kulturarv. Noreg ratifiserte konvensjonen i 2007. Eit sentralt mål med den nye konvensjonen er i følgje innleiinga til St.prp. nr. 73 (2005-2006) "å skape balanse mellom materiell og immateriell kulturarv". Om det er ubalanse, må vi tru at den mindre tilgodesette skal styrkast. No kan det sjå ut som det motsette skjer: at den materielle sida blir styrka og den immaterielle neglisjert. I informasjonsmaterialet som blir sendt er det immaterielle til dels usynleg - og i alle fall dansen og musikken - sjølv om det blir sagt at det immaterielle skal vera med. All den kunnskapen som knyter seg til å laga og å bruka gjenstandar, knyter seg lett og tett opp mot den materielle kulturarven. Slik er han sikra kompetanse frå vernet av den materielle kulturen. Det gjeld ikkje dans og musikk.

Det er Noregs kulturvernforbund som er sett til å administrera kulturminneåret. Så vidt vi veit har dei ingen kompetanse på musikk eller dans, og har så vidt vi kan sjå heller ikkje gått ut for å sikra seg slik kompetanse. Når vi ser på UNESCO sine lister over immaterielle kulturminne etter den gamle ordninga med "masterpieces", er det i alt 90 kulturminne på lista. Av dei gjeld om lag 60-70 i stor grad musikk og/eller dans, og under 10 knyter seg spesifikt til handverkskunnskap. Då blir det vanskeleg å hevda at musikken og dansen er ein ubetydeleg del av heilskapen, sjølv om det sikkert kan sjå slik ut frå Kulturvernforbundet.

UNESCO-lista finst her:

http://www.unesco.org/culture/ich/index.php?pg=00011.

Kontaktar:

Egil Bakka
908 68 606

Bjørn Aksdal
951 02 003