Premiere Tiljetakt: Mørkt her endå er i dalen

Publisert 23 april 2016

Tiljetakt_sluttforestilling.jpg

Tiljetakt har premiere på  sluttforestillinga på Riksscenen i Oslo 24. april, kl. 17.00

Folkekulturen har til alle tider inspirert kunstnarar til å skape eigne versjonar. Eit døme er segna om Guro Heddelid, som diktaren Jørund Telnes skapte ein heil visesyklus av – og som nå er inspirasjon til Tiljetakt - Bygda dansar i Telemark si sluttforestilling.

Guro mister i ung alder foreldra sine, rår seg sjølv på garden Heddeli og blir snart vidgjeten som ei både fager og rik jente. Ho får mange friarar, men har vanskar med å velje – ho lova seg fyrst til ein, så til ein annan, medan ho svingar seg i dans med den tredje - og soga fortel om dramatiske hendingar og lagnader i kjølvatnet av dette.

 

Dansarar:

Torjus Bakken, Symre Taugbøl Bang, Knut Boksasp Berge, Lydia Geirsta, Ingrid Gjerlid, Malin Gjerlid, Sondre Haugen, Åsne Haugen, Birgit Haukås, Heidi Grue Holth, Nora Kruse, Rebecka Lauritzen, Heidrun Midtbøen, Såmund Midtbøen, Anlaug Nørstebø, Bjønn Raftevold Rue, Gjertrud Raftevold Rue, Malin Røysland Skårberg, Ingrid Storlid, Ragnhild Særsland, Gunn Ingrid Tveiten, Tone Anne Tveiten, Marianne Tvitekkja, Even Westeng, Vilde Westeng, Silje Nilsen Østensen, Astri Chatura Øverland


Koreograf: Hæge Manheim
Regissør: Stian Roland
Kampregissør: Bjørnar Heimdal
Kostymemakar og design: Anlaug Buen
Systoge: Eva Marie Grøntoft Dybdahl og Gro Hauger
Musikarar: Oddbjørn Aase og Lars Ingar Meyer Fjeld
Lysdesign: Sture Moslåtten

 

Nærmere informasjon om Tiljetakt: http://bygdadansar.no/bd-telemark-1