Resolusjon om folkemusikk- og folkedansundervising

 

Publisert 31 august 2012

Representantskapsmøtet vedtok fylgjande resolusjon som vart sendt til Norsk kulturskuleråd.
Til landsmøtet i Norsk kulturskuleråd.

Trondheim, 16. oktober 2008

Representantsskapsmøtet i Rådet for folkemusikk og folkedans er eit forum der alle sektorar i arbeidet for og med norsk folkemusikk og folkedans møtast.

Representantskapsmøtet uttaler:

Kulturskulane er ein viktig arena for opplæring innan musikk og dans for barn og unge. Også innan folkemusikk- og folkedansfeltet fyller kulturskulen ei viktig oppgåve. Det finst mange døme på at eit samarbeid mellom kulturskulen og det lokale folkemusikk- og folkedansmiljøet fungerer godt.

Ei fersk undersøking utført av Rådet for folkemusikk og folkedans viser at det framleis er mykje som kan gjerast. Undersøkinga peikar mellom anna på at mange kulturskular opplever at det er vanskeleg å skaffe lærarar innan folkemusikk og folkedans. Slike og liknande problem kan ofte løysast i samarbeid med det lokale folkemusikk- og folkedansmiljøet.

Representantsskapsmøtet ønskjer å invitera til eit tettare samarbeid for å styrka folkemusikk- og folkedansundervisinga.