Resolusjon om folkemusikk og nasjonalisme

Pressemelding

 

 

Fagernes, 16. april 2018

Rådet for folkemusikk og folkedans samlar ein gong i året alle aktørane i folkemusikk- og folkedans-Noreg til debatt, møte og prisutdeling. Under det årlege representantskapsmøte 14. mars i år vart det drøfta kva slags verdiar som kan synest å vere under press, og som folkemusikk- og folkedansmiljøet i Noreg må hegne særskilt om. 

I foredraget «Status Sverige» vart vi kjende med musikarane Isak Bergström og Guri Kvifte Nesheim som presenterte den svenske, anti-rasistiske rørsla «Folkmusiker mot rasism». Bakgrunnen for initiativet er den tilspissa situasjonen mellom folkekulturmiljøet og det populistiske partiet Sverigedemokraterna – som har forsøkt å nytte svensk folkekultur til legitimering av eigen rasistisk politikk.

Også i Noreg har det vore tendensar til ein verdidebatt. I 2017 meinte fleire politikarar at dei norske verdiane var under press. Kulturlivet sjølv avviste det heile og meinte debatten bar i seg både framandfrykt og sjølvgod nasjonalisme. I representantskapsmøte vedtok Rådet for folkemusikk og folkedans følgjande resolusjon:

 «Den folkelege musikken og dansen høyrer heime i ein brei og inkluderande tradisjonskultur. Denne har historisk gitt næring til eit veksande nasjonalt sjølvbilete, og seinare innhald og form til det vi i dag definerer som folkemusikk og folkedans.

Til ulike tider har politiske parti og ideologiske rørsler søkt tilflukt i denne delen av kulturen, anten som lekk i vern og vidareutvikling av kulturen sjølv, eller som verkemiddel og strategi for å oppnå andre samfunnsmål. Under 2. verdskrigen søkte den nazistiske okkupasjonsmakta anerkjenning for politikken sin ved å omfamne den norske folkemusikken. Det same har høgreradikale krefter i Sverige gjort i nyare tid.

Folkemusikk- og folkedansutøvinga står i ein humanistisk verditradisjon. Representantskapsmøte i Rådet for folkemusikk og folkedans tek avstand frå rasisme og framandfrykt, og rørsler i tida som tek musikarar og dansarar til inntekt for politikk og ideologi utøvarane sjølve ikkje identifiserer seg med.»

Ole Aastad Bråten

Leiar

Rådet for folkemusikk og folkedans

 Foto: Noregs Ungdomslag

Foto: Noregs Ungdomslag