Rff-prisen 2006 til Hilde Bjørkum

RFF-prisen-2006-010-siste.jpg

Rådet for folkemusikk og folkedans sin heiderspris går kvart år til ein person som har utmerka seg med stor innsats av nasjonal verdi for folkemusikken og folkedansen. I år er Hilde Bjørkum den verdige vinnaren. Ho kjem frå Årdal i Sogn, og er no busett i Førde. Så og seie heile livet har ho drive med utøving, formidling og administrativt arbeid for folkemusikken og dansen. Med hardingfela i Indre Sunnfjord spelemannslag og som dansar har ho fleire topplasseringar på Landskappleiken. Ein kongepokal i dans fortel sitt om utøvaren Hilde Bjørkum.

Det kan nemnast at ho var fyrste sekretæren i Sogn og Fjordane folkemusikklag, fyrste leiaren for folkemusikkarkivet i Sogn og Fjordane, og ein kort periode fylkesmusikar/dansar i same fylket. Ho hadde såleis solid fagleg bakgrunn for å gå laus på det som trass hennar unge alder kan kallast livsverket. Ho tok ansvaret for å byggje opp Førde internasjonale folkemusikkfestival frå starten og fram til dagens høgt profilerte knutepunktfestival, der ho er direktør.

Hilde Bjørkum har i årevis hatt eit sterkt folkemusikkpolitisk engasjement. Tidlegare var ho leiar i Rådet for folkemusikk og folkedans. No sit ho mellom anna i Norsk kulturråd sitt musikkutval, i Utanriksdepartementet sitt utval for støtte til profesjonelle musikarar i utlandet, og er styremedlem i selskapet Grieg 07. Ho har synt seg som ei uredd talskvinne med klåre meiningar og høge mål.

Utdelinga av Rff-prisen finn stad i Trondheim laurdag 14. oktober, når folkemusikk-Noreg samlast til representantskapsmøtet i Rådet for folkemusikk og folkedans. Dagen etter vil prisvinnaren halde sin presentasjon, og den er open for alle. Tidlegare prisvinnarar er Knut Buen, Sigmund Eikås, Agnes Buen Garnås, Sven Nyhus, Tor Stallvik, Liv Greni, Olav Sæta, Leif Løchen, Kirsten Bråten Berg, Hallvard Kvåle, Geir Egil Larsen, Jostein Mæland og Leif Stinnerbom.