Rff-prisen 2004 til Jostein Mæland

Publisert 03 september 2012

Tale av Arne M. Sølvberg

Prisen skal gå til nokon som har gjort ein stor innsats av nasjonal verdi. Innsatsen kan vere gjort på utøving, opplæring, formidling, dokumentasjon eller forskning innan folkemusikk eller folkedans.

rff_prisen04_007.jpg

Med mange gode kandidatar å velgje mellom, stansa Rådet i år opp ved vossingen Jostein Mæland som den verdige vinnaren av Rff-prisen.

Han har nett fått status som pensjonist etter eit svært rikt liv i folkemusikken og folkedansen si teneste. Han fortel sjølv at den glødande interessa vart vekt i 9-årsalderen med felemusikk i eit bryllaup på heimegarden. Etter spelfreistnad på sjølvlaga fele med fiskesnøre til strenger, skaffa faren han ei skikkeleg fele og Jostein enda etter kvart opp som spelemann i klasse A på Landskappleiken. Eg meinar opprykket skjedde i Molde 1966. Som utøvar er han i landssamanheng kanskje endå meir kjend som dansar, med svært mange topplasseringar for springar og rudl. Jostein har og med sin allsidige kunnskap om tradisjonane ofte vore nytta som dommar ved tevlingar både i spel, dans og song.

Jostein gjorde i yngre år ein sterk innsats i organisasjonslivet. I tillegg til lokallaget fekk også Landslaget for spelemenn stor nytte av hans arbeidskraft. Frå 1964 til 1973 sat han i styret der, og han var særs aktiv med å få skipa nye lokallag. Det kan vere interessant å peike på skipinga av Indre Sunnfjord spelemannslag der Jostein hadde ein finger, og det endåtil ein sterk finger med i skipingsprosessen. På denne tida var han og aktiv som programskapar for NRK. Han sytte for mange folkemusikkinnslag i lokalsendingane frå Bergen, og han var ein god medhjelpar for Rolf Myklebust i programskaping for riksnettet. Hans gode formidlingsevne og gode språkbruk kom og til syne gjennom pennen. Han tok på seg å skrive boka om Landslaget for spelemenn sine fyrste 50 år. Han skreiv og bok om Sigbjørn B. Osa og hadde ansvar for festskrift om Arne Bjørndal, Per Berge og Lars Skjervheim. Det største skriftlege arbeidet er likevel Ervesylvet, boka om folkemusikksoga for Vossabygdene som låg ferdig i 1991, då det var Landskappleik på Voss.

Då Sigbjørn B. Osa ville realisere sin ide om Ole Bull Akademiet, trong han sterke medhjelparar. Hans gode ven Jostein Mæland var sjølvskriven i denne flokken, og vart av Sigbjørn utpeika til å vere både styreleiar og etter kvart rektor. Fyrste åra var Jostein sin innsats for akademiet prega av stor idealistisk dugnadsinnsats attåt det daglege arbeidet på snekkarverkstaden han dreiv saman med broren, men etter kvart gav rektorkrakken full jobb. Departementsfolk og andre sentrale personar lytta og vart oppglødde når dei fekk vitjing av Jostein Mæland og hans gode sidemann Arnfinn Kyte. Sigbjørn var gjerne med som "døropnar" i starten. Vi ser i dag det strålande resultatet av eit iherdig arbeid. Akademiet har vorte nett den brubyggjaren mellom folkemusikken og andre musikksjangrar som var tanken til eldsjelene bak oppstartinga. I tillegg har akademiet vorte ei vitaminsprøyte inn i folkemusikkmiljøet etter at spelemannsskulen og kvedarskulen kom i gang. Der byggjer studiet på dei eldgamle folkelege læringsprinsippa, og vart såleis banebrytande i det moderne høgskule- og universitetssystemet. Vi får vone folkedansen kjem som eit naturleg framhald.

Mangfoldige studentar har vore innom dørene på akademiet. Kapasiteten på lokala har vore sprengd, og akademiet har hatt ansvar for vekeskurs for studentar andre stader enn på Voss. Bygningen på Kringsjå har vore gjennom to store byggjeprosessar, og den siste er nett sluttført. Med slike saker som ein del av leiaransvaret, har ikkje Jostein hatt noko vanleg arbeidstid. Kjenner eg han rett har han aldri rekna på arbeidstimane. Idealismen og kjærleiken til folkemusikken og dansen har vore drivkrafta, og bonusløna har kome i form av strålande takksame, kanskje vi kan seie nyfrelste, unge menneske som har reist heim frå ei veke på Voss, eller frå eit toårig studie.

I Jostein sin ungdom fanst det ingen sjanse til å ta formell utdanning i folkemusikk og folkedans. Hans lyst til å forske og lære om tradisjonane har gjeve det som i dag så fint heiter livslang læring. Han har leita opp kunnskapen sjølv. Dei siste åra har forskinga på hardingfela si soge fanga Jostein si interesse, og han har difor vore ein aktiv og viktig pådrivar i det såkalla Hardingfeleprosjektet.

Sjølv nemner Jostein at utan den gode læretida i organisasjonlivet ville han ikkje hatt kunnskap og mot til å gå på ei slik oppgåve som Ole Bull Akademiet var. Det kan vere noko å tenkje på i ei tid der ein del organisasjonar slit med leiarrekruttering. Kanskje bør slik røynsle verte meir teljande ved jobbsøking og lønsplassering.

Etter 25 års arbeid for Ole Bull Akademiet kunne Jostein Mæland med godt samvit overlate roret til ny rektor ved inngangen til 2003. (Meir vendt direkte mot Jostein:) Eg vonar du dermed fekk frigjort noko tid som du kan bruke til spel, dans, forsking og skriving. Det er med stor respekt og inderleg glede eg ber deg Jostein om å ta imot Rådet for folkemusikk og folkedans sin pris for 2004.

Arne M. Sølvberg