Rff-prisen 2012 til Elisabeth Kværne

Rådet for folkemusikk og folkedans (Rff) har tildelt folkemusikaren Elisabeth Kværne (f. 1953) Rff-prisen for 2012. Ho får prisen for ein lang og omfattande innsats på ei rekkje område for den norske folkemusikken og folkedansen, og i særleg grad langeleiken og langeleikspelet. Kværne har også drive innsamlingsarbeid, vore aktiv på organisasjonsfeltet, drive undervisning, hatt ei rekkje nasjonale og lokale verv og arbeidd som folkemusikkarkivar ved Valdres folkemuseum på Fagernes.

RFFpris2012.jpg

Elisabeth Kværne er oppvaksen i Skottland, Bærum og i Aurdal i Valdres. Ho har utdanninga si frå Universitetet i Oslo med fagkrinsen musikkvitskap, folkeminnevitskap og folkelivsgransking. Kværne har hatt store delar av arbeidskarrieren sin på Valdres folkemuseum på Fagernes, der ho sidan 2004 har vore fast tilsett folkemusikkarkivar i 60 % stilling. Ho har lagt ned ein stor innsats for folkemusikkmiljøet i Valdres på mange ulike område, mellom anna som distriktsmusikar i Valdres i åra 1995-1997. Ho har også førelese både ved Ole Bull Akademiet på Voss og på Norges musikkhøgskole i Oslo. Kværne er i tillegg gardbrukar heime i Aurdal, der ho har drive mjølkeproduksjon og skogbruk sidan 1978.

 

Elisabeth Kværne er aktiv som utøvar og deltek jamleg på konsertar, erindringskveldar, samt lokale og nasjonale kappleikar. Ho har også medverka i debattprogram og konsertar med fokus på nedteikningane til L.M. Lindeman, i tillegg til fleire turnear om Lindeman for folkeakademiet i lag med forfattaren og musikkforskaren Øystein Gaukstad og kvedaren Agnes Buen Garnås. Kværne var også ein sentral pådrivar for utgjevingane av Lindeman sine folkemusikknedteikningar, ført i pennen av Øystein Gaukstad.

 

Kværne har vore aktiv som plateartist og gav mellom anna i 1985 ut albumet På langeleik, som ho året etter fekk Spellemannprisen for. Som utøvar har ho også formidla historia om musikken og kjeldene ved ei rekkje turnear i regi av Rikskonsertane, åleine og i lag med spelemenn som til dømes Torleiv Bolstad. I 2005 fekk ho Nord-Aurdal kommune sin kulturpris, og i 2006-07 mottok ho Statens arbeidsstipend for folkekunstnarar.

Elisabeth Kværne har også lagt ned ein stor innsats innanfor organisasjonsarbeid og har særleg spelt ei sentral rolle som medlem i Rådet for folkemusikk og folkedans i åra 1990–2004. I ein periode var ho også nestleiar. I tillegg har Kværne vore med i ei rekkje komitear og utval, mellom anna i utvalet som laga utgreiinga om dei norske instrumentbyggjartradisjonane (2009). For tida arbeider ho med eit registrerings- og forskingsprosjekt om langeleiken si historie og utvikling i lag med folkemusikk- og instrumentforskaren Bjørn Aksdal.