Stiftinga for folkemusikk og folkedans (Sff)

Publisert 23 august 2012

Stiftinga for folkemusikk og folkedans er ein sjølvstendig institusjon organisert som stifting. 

Stiftinga har tre organ:

•             Ho blir leia av eit eige styre.

•             Ho har Representantskapsmøtet, som fagleg samlande og rettleiande organ.

•             Ho har Rådet, som utoverretta, samordnande og forvaltande organ. 

Stiftinga omfattar vidare ei utøvande verksemd, Norsk senter for folkemusikk og folkedans som er underlagt styret.

Institusjonen starta i 1972, vart etablert som stifting i 1992 og har sete ved Sentret sitt i Trondheim