Vedtekter

Stiftinga besluttet i styremøte 26.02.2019 å søke Stiftelsestilsynet om godkjenning av vedtektsendringer. Stiftingas formål er ikke endret. I de nye vedtektene er; navnet endret til Norsk senter for folkemusikk og folkedans, organet Rådet for folkemusikk og folkedans er lagt ned og Representantskapsmøtet er valgorgan til styret.

De nye vedtektene ble godkjent av Stiftelsestilsynet 29.03.2019.

§ 1. Namn og rettsleg stilling

Norsk senter for folkemusikk og folkedans (Norwegian Centre for Traditional Music and Dance) er ein sjølvstendig institusjon organisert som stifting.

Stiftinga starta som statleg utnemnt Rådet for folkemusikk og folkedans i 1972 og vart etablert som stifting i 1992.

Stiftinga har to organ:

  • Styret

  • Representantskapet

Stiftinga har sete i Trondheim.

§ 2. Føremål

Hovudmål

Å fremja, verna og føra vidare norske folkemusikk- og folkedanstradisjonar som eit uttrykk for kulturell identitet og som bærar av særeigne kvalitetar.

Delmål

Samordna innsats
Fungera som reiskap for alle greiner i arbeidet for og med norsk folkemusikk og folkedans slik at kreftene kan samordnast, innsatsen få større tyngde, tilboda kan gjerast meir varierte og ressursane kan utnyttast betre.

Sakkunnskap i offentleg forvalting
Vera ein reiskap for offentleg forvalting i saker som gjeld norsk folkemusikk og folkedans for å sikra representativitet og sakkunnskap.

Vitskapleg arbeid
Dokumentera og granska norsk folkemusikk og folkedans og formidla kunnskapen frå arbeidet.

Kvalitet og breidde i folkemusikk og folkedans
Arbeida for auka kunnskap om og forståing for norsk folkemusikk og folkedans, for betra utøving og for auka deltaking og interesse.

§ 3. Grunnkapital

Ei samling folkedansfilmar på 599 rullar i Super 8 vart ved etableringa av stiftinga taksert til kr 507.353 og utgjer grunnkapitalen i stiftinga. Filmane vart tatt opp på friviljug basis av Egil Bakka og ulike medarbeidarar i tida 1967-72 og dokumenterer ei unik nasjonal kulturarv frå heile landet.

§ 4. Styresamansetjing

Styret er sett saman av fem til sju medlemmar. Representantskapsmøtet vel styreleiar, tre til fem styremedlemmar og to til tre rangerte varamedlemmar. Dei tilsette vel eitt styremedlem og eitt personleg varamedlem. Styret vel sjølv nestleiar.

Styret skal samla ha kunnskap om folkemusikk og folkedans for å kunne oppfylle stiftinga sine mål. Styret bør samla ha kompetanse på - høgare utdanning, forsking og utviklingsarbeid - arkiv - utøving og/eller grunnopplæring innan folkemusikk og folkedans - formidling/presentasjon/kulturbransjen - politikk og myndigheitskontakt - styrearbeid (rekneskap, økonomi og juridiske høve knytta til fagfeltet, personal og til stiftingar).

§ 5. Styret sine funksjonar

Styret leier stiftinga i samsvar med vedtektene og stiftingslova. Styret skal syte for realisering av stiftinga sitt føremål. Styret har ansvar for økonomi og administrasjon i stiftinga. Styret vedtek strategiske planar, årsbudsjett, årsoppgjer, årsberetning, instruks for arbeidet og ansvarsområdet til dagleg leiar og godtgjering for medlemmer i styret og utval. Styret vel revisor. Styret vedtek kven som skal teikna stiftinga. Styret kan gi prokura.

§ 6. Dagleg leiar

Styret tilset dagleg leiar for stiftinga. Dagleg leiar står for den daglege leiinga av stiftingas verksemd og skal fylgje dei retningslinjene og pålegga styret har gitt. Den daglege leiinga omfattar ikkje saker av uvanleg art eller som har stor innverknad. Dagleg leiar er sekretær for styret og valkomiteen.

§ 7. Representantskapet sin funksjon

Representantskapet er valorgan og rettleiande organ for stiftinga. Representantskapsmøtet vert halde ein gong i året og skal vera eit forum der det norske folkemusikk- og folkedansfeltet kan møte, drøfte og fremje saker for samordning på feltet. Styret sender innkalling til møtet minst ein månad føreåt. Møtet blir leia av styreleiar i stiftinga.

Følgjande saker skal handsamast:

A) Godkjenning av røysterettar i representantskapsmøtet
B) Val:

  1. Styreleiar for fire år.

  2. Styremedlemmar og rangerte varamedlemmar for fire år.Valet skjer annakvart år for halvparten av styret om gongen.

  3. Valkomité på tre medlemmar for fire år valde dei åra det ikkje er val på styremedlemmer, slik at høvesvis eitt og to medlemmar blir valde annankvar gong. Valkomiteen kjem med forslag til styremedlemmar (med unnatak for den styremedlemmen som blir valt av dei tilsette) og nye medlemmar til valkomiteen. Valkomiteen kjem med framlegg om kor mange styremedlemmar stiftinga skal ha etter råd frå sitjande styre.

C) Representantskapsmøtet kan drøfte og uttale seg om følgjande:

  1. Stiftinga si verksemd og drift saman med revidert rekneskap i perioden etter sist møte

  2. Stiftinga sine planer kommande periode

  3. Prinsipielle og faglege saker

Det blir ført protokoll frå representantskapsmøtet, der alle vedtak er med. Møtet vel sjølv to representantar til å skrive under protokollen.

§ 8. Representantskapet si samansetjing

Alle organisasjonar og institusjonar i Noreg som arbeider i tråd med formålet for stiftinga, kan få røysterett på representantskapsmøtet. Søknad om å bli tatt opp i representantskapet skal sendast styret, som gir råd om røysterett til representantskapsmøtet. Representantar som ikkje har møtt tre år på rad, mistar røysteretten sin, men kan søkje på nytt om å bli tatt opp i representantskapet.

Styreleder, styremedlemmer og dei tilsette i stiftinga har talerett, men ikkje røysterett på representantskapsmøtet.

Organisasjonar og institusjonar kan senda ein utsending for kvar av røystene sine. Røysting gjennom fullmakt er ikkje tillatt.

Organisasjonar

For å få røysterett, må organisasjonen ha minst 50 medlemmar og arbeide med norsk folkemusikk og/eller folkedans. Organisasjonar får vidare ei røyst for kvar 100 medlem, men ikkje fleire enn 30 røyster til saman.

Regionale og lokale lag i nasjonale organisasjonar blir representerte gjennom sentralorganisasjonen. Det er opp til kvar nasjonale organisasjon korleis han nyttar røystekvoten sin.

Institusjonar

For å få røysterett som institusjon, må institusjonen ha minst ein tilsett som har fagleg arbeid med norsk folkemusikk og/eller folkedans. Institusjonar får vidare ei røyst for kvar tilsett som har fagleg arbeid med norsk folkemusikk og/eller folkedans i institusjonen, men får ikkje fleire enn tre røyster til saman.

§ 9. Endringar av vedtektene

Styret kan fremja og vedta forslag om vedtektsendringar. Endringar av vedtektene skal skje i samsvar med Stiftingslova.

§ 10. Oppløysing

Styret kan vedta å oppløyse stiftinga i samsvar med Stiftingslova. Dersom oppløysing blir vedteke, skal samlingar og aktiva forvaltast slik at det best mogleg sikrar vidareføring av stiftinga sine formål.