Kva er norsk folkedans?

Det me i dag kallar norsk folkedans, er både dansetypar som i spesifikke historiske periodar har vore vanleg dans for folk flest i eit område, og dansetypar og dansemateriale som den norske folkedansrørsla brukar eller har brukt.

Dansetypane som fell inn under norsk folkedans, er blitt systematiserte til å fella inn under seks hovudgrupper:

  • bygdedans (springar, gangar, halling, rull og pols i alle sine lokale variantar),

  • runddans (vals, polka, reinlendar og masurka i ulike former),

  • turdans (rilar, kontradansar, pardansar o.a.),

  • songdans (utvikla innanfor det organiserte folkedansarbeidet),

  • songleik (både slike som vart brukte av bygdeungdom, og det som er att av leikar mellom born i dag) og

  • 1900-talsdans (folkelege variantar av tango, foxtrot, swing/rock, shake etc).

Det har vore vanleg å skilja mellom kva funksjon dansane har hatt. På den eine sida har ein dans som framsyning og kappleik i folkedansrørsla, der undervisninga har vore systematisert opplæring. På den andre sida har ein dans som folk har lært gjennom herming og ved å dansa med i eit langt tidsspenn, der primærmålet har vore samvær med jamaldringar eller på tvers av generasjonar (Bakka, 1978a). Mesteparten av dansefilmmaterialet i 8 mm- og 16 mm-samlinga til Norsk senter for folkemusikk og folkedans er av dansarar som har lært dansen gjennom herming og dansa med dei som kunne, dvs. folkeleg tradisjon. Dansane er filma/samla inn for å studera folkeleg tradisjon (Bakka, 1978a), dansar som Bakka tidleg oppdaga skilde seg ut frå dei same dansane når dei vart dansa i opplæringstradisjonen, i folkedansrørsla (Bakka, 1970).

Bakka dokumenterte desse skilnadane, heldt dansekurs, skreiv fleire opplæringsbøker og var primus motor bak opprettinga av folkedansstudia ved NTNU (1989) for å stimulera til å gjera skilnadane mindre, og for å få folk til å bli nysgjerrige på variasjonsrikdommen og danseteknikken hos dansarane som kom frå ein folkeleg tradisjonsbakgrunn der «vanleg dans for folk flest» betydde dansing ved sosialt samvær og usystematisk læring ved herming og ved å dansa og læra av mange. Dansen var for kroppsleg utfalding og glede. Dokumentasjonsfilmane til Bakka vart grunnlaget for danseformidlinga. Prosjekt og aktivitet ved senteret har blitt utforma med mål om at denne formidlinga skulle førast tilbake til dei miljøa der dansematerialet i si tid vart filma, og at denne formidlinga skal nå ungdomsgenerasjonen som me ønskjer skal forma den framtidige folkedanstraderinga.

Teksten er henta frå side 26 i rapporten 20 år med Bygda dansar.

Litteratur:

Bakka, Egil. 1970 [1994]. Danse, danse, lett utpå foten. Folkedansar og folkesongar. Oslo: Noregs Boklag.
Bakka, Egil. 1978a [1989]. Springar, gangar, rull og pols. Hovudliner i eldre norsk folkedanstradisjon. Trondheim: Rådet for folkemusikk og folkedans.

Eg er blitt meir og meir overtydd om at folkedansen har mist fleire av sine viktigaste kvalitetar ved overføring til opplæringstradisjon. Difor freistar eg å få med så mykje av desse kvalitetane som mogeleg i denne boka. Eg vonar at boka kan skapa ordskifte mellom folkedansarane og inspirera til vidare arbeid med å gi folkedansen attende så mykje av sitt tradisjonelle preg som mogleg
— Egil Bakka (1970)