FolkArkiv Trøndelag

Foto: Meråker Historielag

Om oss

Dei to siste åra har FolkArkiv Trøndelag jobba for å auke medvitet om formidling av mangfaldet i musikk- og dansetradisjonane i lokalsamfunn der mange tradisjonsbærarar i dag er borte. I eit flyktig samfunn med raske skiftingar blir ikkje lokale tradisjonar ført vidare slik dei vart tidlegare, og vi må tenkje annleis om korleis vi kan bidra til å bevare, vidareføre og vidareutvikle folkemusikken og folkedansen i Trøndelag.

Vi har ei rekke prosjekt og aktivitetar for å formidle tradisjonsmusikk og -dans til barn, unge og vaksne i alle aldrar over heile regionen. Vi samarbeider med lokale aktørar på folkemusikk- og folkedansfeltet, og med musikk- og kulturlivet generelt, og med lokale og regionale institusjonar som også har ansvar for immateriell kulturarv i Trøndelag.

Trøndelag har ein mangfaldig og unik folkemusikk- og folkedansarv. Gjennom dokumentasjon og formidlingstiltak arbeider vi i FolkArkiv Trøndelag for å ta vare på tradisjonsmateriale før det går tapt for ettertida, gjere arkivopptak tilgjengelege for publikum og bidra til synleggjering av dei rike tradisjonane som finst i regionen.

Eier av foto: Meråker historielag. Sosial sammenkomst i Teveldalen – Larsstuggu bl.a. med spellemennene f.v. Otto Teveldal (fele), John Teveldal (gitar), Anders B. Stordal (trekkspell) og Olaf Bjørneggen (fele).

Aktuelt

Prosjekter

Eksempler fra arkivet

Interessert i å låne arkivmateriale? Ta kontakt her for utlån og veiledning.

Kontakt FolkArkiv Trøndelag

Har du spørsmål, innspill eller ønsker å komme i kontakt med arkivformidlerne?

Marit Vestrum • Arkivformidler og prosjektleder FolkArkiv Trøndelag

marit.vestrum@folkemusikkogfolkedans.no

Telefon 45214352

Runa Kvalsund • Arkivformidler FolkArkiv Trøndelag

runa@folkemusikkogfolkedans.no

Telefon 90972158