Velkomen til Runa Kvalsund – ny medarbeidar i Arkivformidling Trøndelag

Vi gler oss over å ønskje Runa Kvalsund velkomen til teamet i prosjektet Arkivformidling Trøndelag!

Runa er folkemusikar frå Trondheim. Ho studerer sisteåret på bachelor i musikkpedagogikk og folkesong ved Norges musikkhøgskole, og har repertoar hovudsakeleg frå Sør-Trøndelag og Nordmøre. Ho har tidlegare arbeidd som forlagsredaktør i Samlaget og som kulturjournalist blant anna i Klassekampen, og arbeider også som frilans litterær omsetjar frå tysk, svensk og dansk, og frilans musikar både solo og i band. For tida er ho også instruktør i songgruppa i Unge folkemusikere i Oslo.

Prosjektet Arkivformidling Trøndelag starta med initiativ frå eit samla trøndersk folkemusikk- og folkedansmiljø, og har vore drifta av Norsk senter for folkemusikk og folkedans sidan 2020.

Prosjektet er fullt ut finansiert av Trøndelag fylkeskommune, og arbeider med å formidle arkivmateriale gjennom ei rekkje prosjekt og aktivitetar retta mot ulike målgrupper.

Vi er glade for at Runa no blir ein del av dette arbeidet – med sin kompetanse, kreativitet og sterke forankring i folkemusikken, vil ho vere ein verdifull ressurs i det vidare formidlingsarbeidet.

Velkomen, Runa!

Foto: Sara Olivia Sanderud

Neste
Neste

Små og raske midler 7. tildeling, 12. september 2025