Vellykka testing av undervisingspakkar
FolkArkiv Trøndelag har våren 2026 besøkt fire ulike vidaregåande skuler i Trøndelag med undervisningsopplegg i folkemusikk og folkedans.
Med instruktørar i dans og musikk og arkivopptak av lokale musikk- og dansetradisjonar i bagasjen, var vi innom musikk, dans og dramalinjene på Ole Vig vgs i Stjørdal, Heimdal vgs i Trondheim, Olav Duun vgs på Namsos og Inderøy vgs. vi ble møtt av engasjerte elevar og lærarar frå 1. til 3. trinn. For mange var det ei heilt ny oppleving å få utøve folkemusikk og folkedans, men det viste seg i løpet av fleire av besøka at både elevar og lærarar har vore borti det. Anten har dei høyrt moderne musikk influert av folkemusikk, dei har eit trekkspel ståande under trappa etter ein besteforelder eller dei har dansa vals i bryllaup eller swing med besteforeldra på kjøkkenet. Nokre av lærarane hugsar at dei sjølve dansa eller spelte til dans på fest, og kjende att folk frå arkivopptaka.
Dette var blant anna tilfellet ved Olav Duun vgs. – Å få sjå at dei har lokal tilknyting er så verdifullt for elevane, det at desse musikk- og dansetradisjonane har noko med dei å gjere. Det gjer at det blir aktuelt for plassen dei kjem frå, at dei tenkjer: «Dette er røtene våre!» seier lærar Kirsten Roll Steen. Ho peiker på at det er vanskeleg å få inn folkemusikk og folkedans i undervisinga i kvardagen, og at det tidlegare også har vore løyst med å få inn folk utanfrå. – Det var ein kjemperessurs at de kom, utan tvil! Dette held vi ikkje nok på med i kvardagen, det å få ressurspersonar med solid kompetanse er gull, og særleg når det kan knytast rett til ulike kompetansemål i ulike fag på ulike trinn. Det får vi ikkje gjort med same kvalitet i MDD-faget.
Noko av det beste med opplevinga for elevane trur ho var at dei fekk vere saman på tvers av klassane på musikk og dans, og at også musikarane får lære folkedans. – I tillegg til opplevinga av at det kjem profesjonelle, «ekte» folkemusikarar og folkedansarar. Det er framand for dei, men dei synest det var så artig! seier ho.
Elisabeth Silseth, lærar ved Ole Vig vgs er einig: – Det er veldig verdifullt for oss som lærarar at vi får besøk av fagfolk som kan formidle denne kunnskapen på ein måte som engasjerer elevane.
Ho peiker på at elevane synest det var gøy, og at det betydde mykje for dei at musikken og dansen var lokalt forankra, både det dei fekk dei lære og det dei såg på arkivopptaka. – Då blir det nært for dei, sjølv om det ikkje nødvendigvis er nært i tid. Og dei synest det var gøy, det å lære på øyret, lære med kroppen og lære ved å sjå på opptak.
Med desse besøka er testperioden over, og evaluering frå lærarar, lærarar og instruktørar – og vidareutvikling av opplegget står for tur. Neste år håper FolkArkiv Trøndelag å få undervisingspakkane ut til alle MDD-linjene i Trøndelag. Opplegget er utvikla i samarbeid med Norsk senter for folkemusikk og folkedans, og vil også fungere som ein pilot for nasjonale undervisingspakkar i folkemusikk og folkedans.

