Nytt fagråd i FolkArkiv Trøndelag

Styringsgruppa i FolkArkiv Trøndelag blir frå nyåret erstatta av eit fagråd

21. januar 2026 hadde vi første møte i fagrådet i FolkArkiv Trøndelag. Målet med fagrådet er å skape ei breiare forankring opp mot andre regionale institusjonar med fagmiljø innan formidling og undervising av immateriell kulturarv og privatarkiv i Trøndelag. I tillegg er det viktig å vere i dialog med tradisjonsmiljø og frivillige organisasjonar som arbeider for å styrke folkemusikk- og folkedanstradisjonene i regionen.

Per no består fagrådet av representantar frå Museene i Trøndelag – MIST (Ringve/Rockheim), Stiftinga Hilmar Alexandersen, Trøndelag Musikkråd, Folkemusikkarkivet for Rørosområdet og Folkemusikksamlinga i Nord-Trøndelag i tillegg til Norsk senter for folkemusikk og folkedans. I tillegg arbeider vi med å få på plass ein representant frå sørsamisk miljø i Trøndelag og IKA Trøndelag.

Fagrådet har først og fremst mandat som rådgivar, men målet er også å utveksle erfaringar og på sikt skape samarbeid på tvers.

Neste
Neste

Vi lyser ut stipend på 30 000 kr!