Klare for MDD-turné!

Samtalar om arkivfilmane skapar eit godt grunnlag for refleksjon, der elevane får sjå samanhengen mellom folkemusikk- og folkedanstradisjonane lokalt, nasjonalt og internasjonalt, historisk og i dag. Elevane skal også få utøve dans og musikk, kjenne på rytmen i den folkelege dansemusikken og vere ein del av ein aktiv og sosial samværsform som det er stadig mindre av i dag. Slik får dei både kroppsleg kunnskap, kunnskap om levande kulturarv som fenomen og kulturarvshistorie, og dei får reflektere over tema som tilhørighet, fellesskap, toleranse for variasjon, kulturell beredskap og sosialt og kulturelt berekraftige kulturuttrykk. 

Undervisingspakkane følgjer ein fagleg progresjon knytt til læreplanmål frå vg1 til vg3, og elevane får utvida kunnskap om feltet for kvart besøk.

Målet er å til hausten kunne tilby fullstendige undervisingspakkar til alle musikk-, dans- og dramalinjene på vidaregåande skule, og på sikt til alle vidaregåande skular i Trøndelag. Sff arbeider også for å kunne tilby opplegget til alle vidaregåande skulane i landet.

Jobbar du i vidaregåande skule i Trøndelag og er interessert i å få besøk av oss, ta kontakt med arkivformidler marit.vestrum@folkemusikkogfolkedans.no.

Neste
Neste

Nye retningslinjer for "Prosjektmidler" – gjelder fra 1. februar