Arkivformidling Trøndelag blir FolkArkiv Trøndelag

Frå januar 2026 byter Arkivformidling Trøndelag namn til FolkArkiv Trøndelag

Med eit namnebytte ønsker vi å tydelegare formidle det FolkArkiv Trøndelag driv med. Vi arbeider for at fleire skal få lettare tilgang til å bruke arkivopptak med tradisjonsmusikk og -dans frå Trøndelag, og arrangerer konsertar, dansefestar og undervisingsopplegg der utøving av folkemusikk og folkedans blir knytt til film og opptak frå arkiva. Vi driv også dokumentasjonsarbeid for å sikre at tradisjonsmateriale som ikkje finst i arkiva, blir tatt vare på før det går tapt, også frå den samiske kulturarven. I tillegg arbeider vi for å auke kunnskapen om folkemusikk- og folkedanstradisjonar både lokalt og regionalt, og at eit ønske om å bevare og styrke tradisjonane skal forankrast politisk i Trøndelag.  Vi ønsker også å stimulere til auka aktivitet i lokale tradisjonsmiljø både i byen og i distrikta. Med nytt namn følger også ny logo, som vi tar i bruk frå nyåret 2026.

Forrige
Forrige

Vi gler oss over å ønskje Emil Holmesland velkomen!

Neste
Neste

Små og raske midler 1. tildeling, 16. januar 2026