Dans, trall og Vrimmel i Rindal og Rennebu

Foto: FolkArkiv Trøndelag

Denne veka har ungdomsskuleelevane i Rindal og Rennebu fått bryna seg på folkedans og slåttetralling, og på dansefesten på Berkåk fredag kveld både dansa dei og tralla til dans, før Over stok og sten overtok scena og ansvaret for scenemusikken. Gjennom DKS, ein samproduksjon mellom FolkArkiv Trøndelag, Trøndelag fylkeskommune og Stiftinga Hilmar Alexandersen, fekk dei lære å danse reinlender, polka og swing og å tralle lokale slåttar. Dei fekk også sjå og høyre arkivopptak frå eigen kommune, og lære å synge og danse det same som dei gjer på opptaka. Dei fekk også reflektere rundt rolla til songen, dansen og musikken i kvardagen vår før og no. Der den tidlegare hadde ein stor plass i det sosiale livet, då folk ofte hadde eit stort felles repertoar både på songar og dansar, er musikken og dansen i dag i større grad blitt profesjonalisert.

Dansarane Embla Olsen og Cathrine Larsen losa elevane gjennom krasjkurs i dans, og saman med folkesongar og arkivformidlar Runa Kvalsund fekk dei lære om tradisjonell song, songleik og dansemusikk. Sentralt i opplegget var det å finne fellesskapet i dansen og songen, å lytte til kvarandre og finne ein felles rytme, og å vere aktiv og ha det gøy utan å tenke prestasjon. Dei fekk også innblikk i folkemusikk- og folkedanstradisjonane som finst i bygda der dei bur.

Fredag kveld var det fullt hus i kultursalen på Berkåk, med elevar og lærarar frå Rennebu ungdomsskule, dansarar og danseinstruktør Gunn Eli Telebon frå Oppdal og det lokale seniordanselaget, som lærte ungdommane ringdans. FolkArkiv Trøndelag opna med å gi eit lite innblikk i den rike songskatten frå Rennebu, før det vart songleik, dansekurs og ope dansegolv. Arrangørar var Rennebu bygdeungdomslag, som stod for servering, og arrangementet var ein del av Vrimmelfestivalen, i regi av Trøndelag fylkeskommune og Rindal og Rennebu kommune.

Og ungdommane sjølve såg ut til å sette pris på initiativet. To gutar på 10. trinn oppsummerte kvelden slik: «Det er ikke hver dag noen ordner i stand slikt for oss. Vi syns det var en knallkveld, og det var helt greit at det var obligatorisk!»

Kerstin Bergenvall frå Rennebu kommune seier at ho sit igjen med ei utroleg god kjensle: "Ungdommene deltok på krasjkurs og danset side om side med seniordanserne og andre fra lokalt folkedansmiljø, samtidig som vi fikk formidlet litt av den rike musikktradisjonen og lokalhistorien fra Rennebu. Akkurat slike møter mellom generasjoner og tradisjoner er gull verdt!"

Neste
Neste

Prosjektmidler 6. tildelingsrunde, 15. september 2026