Om Bygda dansar

Bygda dansar er eit treårig ambulerande talentutviklingsprosjekt i folkedans. Prosjektet er hovudsakleg retta mot ungdom frå 15 til 19 år og ‘vandrar’ frå region til region. Hovudmålet er formidling og vidareføring av lokale dansetradisjonar, samt nyskapande scenepresentasjonar. Gjennom prosjektet får ungdom i regionen moglegheit til å utvikla seg som folkedansarar og/eller folkemusikarar i eit godt sosialt ungdomsmiljø. Med dyktige lærarar med sterk forankring innanfor både profesjonell formidling, regionens folkedans- og folkemusikktradisjon og scenekunst, skal Bygda dansar skal gje unge talent eit springbrett til ei framtidig karriere som folkedansarar.

Bygda dansar er utvikla og drive av Norsk senter for folkemusikk og folkedans. Dei frivillige organisasjonane FolkOrg (Organisasjon for folkemusikk- og folkedans) og NU (Noregs Ungdomslag) er støttespelarar og samarbeidspartnarar på både nasjonalt, regionalt og lokalt plan.

Bakgrunn for prosjektet

På 2000-talet blei det avdekka at rekrutteringa til folkedans i Norge var sviktande. Dette var også konklusjonen i ein rapport "Om folkemusikk og folkedans i senmoderne Norge" i 2001 (Georg Arnstad 2001). Rapporten konkluderte med at dersom den tradisjonelle dansen skal ivaretas, må den profesjonaliserast, moderniserst og fornyast.

Norsk senter for folkemusikk og folkedans søkte om statleg finansiering av eit ambisiøst prosjekt. Oppdraget var å ta hand om tradisjonelle dansar i samsvar med ein heilt ny modell:

  • Ein ambulerande skule for å læra unge tradisjonsdansarar å bli profesjonelle.

  • Eit ensemble for å lage innovative førestillingar.

Nasjonale folkedans- og folkemusikkorganisasjonar var samarbeidspartnere.

Utgangspunktet for prosjektet sine mål var:

  • Det skulle være i samsvar med Kulturrådes faglige standarder, angående visuell og kunstnerisk kvalitet.

  • Det skulle være akseptabelt for målsettingene til Norsk senter for folkemusikk og folkedans, kort sagt å ivareta den tradisjonelle dansearven.

  • Det skulle være et redskap for folkedansorganisasjoner: nemlig rekruttere nye dansere og talent, og styrke det sosiale aspektet av folkedans.

Disse prinsippa mogleggjorde ikkje berre finansieringa, kombinasjonane reflekterte og mogleggjorde revitalisering som en moderne handling som gjer folkedans levande for den nåverande ungdomsgenerasjonen. Bygda dansar har blitt et godt resultat av disse konseptuelle måla.

Målsetting og visjon

Bygda dansar skal styrke folkedans som kulturarv, kunstnerisk uttrykk og samværsform, beskytte den lokale dansearven og bidra til levende dansetradisjoner i alle fylker i Norge.

Prosjektet skal være med og sikre at landet til enhver tid har gode frilans tradisjonsbærere som kjenner kulturarven vår, og kan delta i scenekunstproduksjoner. I samarbeid med fagmiljøet ved sentret, utvikles kontinuerlig ideer og teknikker for formidling, undervisning og presentasjon av samværsdans og scenisk dans på tradisjonsdansens premisser. Det er et mål å stimulere til dans som sosial aktivitet og næring i regionene.

Mål for kvart enkelt fylke

I kvart fylke har Bygda dansar som mål å:

  • Etablere møtearenaer mellom ungdommane, det lokale folkedansemiljøet, profesjonelle folkedanslærarar, folkemusikarar og dansearkivet

  • Utvikle nye metodar og teknikkar for presentasjon og undervisning av folkedans

  • Utvikle lokale instruktørars kompetanse

  • Utvikle nye måtar å presentere folkedans på scenen

  • Rekruttere 2-4 unge til å bli frilans profesjonelle dansarar

Pedagogisk og kunstnarisk idé

Den pedagogiske metoden tar utgangspunkt i individretta metodikk for ungdom der fokuset ligger på å auke danseferdigheten hos kvar enkelt.

Gjennom arbeid med nokre få, men nøye utvalde dansar, får deltakaren større dybde i si kunnskap. Undervisninga har romslege og aksepterande haldningar til personleg stil, og oppmuntrar til personleg uttrykk. En sentral del av metoden er kroppsleg erfaring gjennom å lære direkte frå en kropp til ein annan. Gjennom herming og praktisk øving får deltakaren erfare kunnskapen i egen kropp og ta eigarskap til den lokale immaterielle kulturarven. Både gleda ved den sosiale dansen, og utviklinga av folkedansen som scenisk uttrykk, er viktig. Talentar som utmerker seg og viser stor interesse for folkedansen, vil få tilrettelagt oppfølging

Bygda dansar i praksis

Bygda dansar rekrutterer midlertidige tilsette prosjektmedarbeidarar til kvart delprosjekt, med god kunnskap i folkedans og/eller folkemusikk. Den utadretta verksamnaden med synleggjering av folkemusikk og folkedans, samt rekruttering av deltakarar, startar med en skuleturné i ungdomsskole og vidaregåande skuler. Prosjektet søker både ungdom i folkemusikk og folkedansmiljøet, samt ungdom utan kjennskap til folkemusikk og/eller folkedans.

Dei ungdommane som blir med som deltakarar i prosjektet, får tilbod om å delta i helgesamlingane som gjennomførast 6 gangar i året ved ulike lokasjonar i fylket. Imellom helgesamlingane forsøker prosjektet å leggje til rette for lokale øvingar i mindre grupper med lokale instruktørar og musikarar.

Omtrent midtvegs i prosjektet avhaldas det en førestilling der ungdommane får erfaring med å stå på en scene. Målet med denne førestillinga er å jobbe frem god dansekvalitet, og bygge tryggleik i gruppa igjennom sosialt fellesskap og ved dansemestring. Tradisjonsdansen blir presentert «som den er», og satt i ein kunstnarisk kontekst. Retningslinjer for trygge samlinger finnes her.

Nøkkelfaktorar

Nøkkelfaktorane i eit vellykka Bygda dansar-prosjekt er et samarbeid mellom utdanna, entusiastiske danselærarar med oppdaterte undervisningsmetodar for tradisjonsdans, lokale danseinstruktørar, spelemenn og tradisjonsberarar, samværsdans i lokalmiljøet og forestillingsarbeid i et profesjonelt miljø. Danselærarar og instruktørane skaper gode sosiale opplæringsmiljø for ungdommane med den lokale folkedansen og folkemusikken som kjerne, herunder revitalisering basert på arkivmateriale og levende tradisjonsberarar. Vektlegging av nyskapande scenekunst på premissene til folkedansen og folkemusikken mot slutten av prosjektet skaper motivasjon for ungdommane til å bli gode dansarar, og erfaring med en mogleg yrkesveg i framtida.

20 år med Bygda dansar

Det er i 2021 gått 20 år sidan Bygda dansa starta opp som pilotprosjekt i Sogn og Fjordane. Sidan har prosjektet vore innom heile 12 fylker (sjå rapportar frå dei tidlegare prosjekta her).

Gjennom 20 år har Bygda dansar sørga for at fleire tusen ungdomar har fått møta, prøva og læra om folkedans. På eit nasjonalt nivå har Bygda dansar hatt ei stor betydning og gjeve resultat som kjem fram på ei rekke område: prosjektet har teke på seg eit nasjonalt opplærings- og utdanningsansvar. Bygda dansar sin suksess visast best gjennom prosjektleiarane og -medarbeidarane sitt arbeid med å rekruttera og læra opp ungdomar i tradisjonsdans til eit høgt nivå, og å oppmuntre dem til å søke en karriere innafor tradisjonsmiljøa – som frilansarar, musikarar, pedagogar, eller i organisasjonar og museum som formidlar folkedans.

Bygda dansar har ikkje minst bidratt til å fornye og å skape et langt større mangfald og variasjon innanfor folkedansen. Gjennom fagleg arbeid har prosjektet bidratt til en revitalisering av dansar og bidratt til et tradisjonsmangfald. På den måten har Bygda dansar etter vel 20 års drift også bidratt til å gi tradisjonsdansen eit nasjonalt løft.

I forbindelse med Bygda dansars jubileum har prosjektet gått gjennom ei intern og ekstern evaluering, slik at vi har eit godt grunnlag når vi skal tilpasse prosjektet for framtida. Evalueringane kan du finne her.