Tilbake til alle arrangementer

Urfolk og nasjonale minoritetar sin dans og musikk


  • Maarud gjestegaard Finnholtveien 1469, 2114 Disenå (kart)

2.–3. november inviterer Norsk folkemusikklag og Norsk senter for folkemusikk og folkedans til fagseminar om urfolk og nasjonale minoritetar sine musikk- og dansetradisjonar.

Gjennom to dagar på Maarud gjestegaard og Norsk skogfinsk museum samlar vi forskarar, tradisjonsberarar, musikarar, dansarar og kulturarvsaktørar til kunnskapsdeling, faglege samtalar og levande kulturmøte.

Programmet løftar fram eit mangfald av perspektiv på samisk, kvensk, skogfinsk og andre nasjonale minoritetar sin musikk og dans. Korleis kan forsking, arkiv og levande praksis bidra til å dokumentere, styrkje og vidareføre tradisjonane? Og kva rolle spelar musikk og dans for identitet, fellesskap og kulturell kontinuitet?

Vi gler oss til to dagar med fagleg fordjuping, nye perspektiv og gode samtalar om levande kulturarv!

Tid: 2.–3. november 2026

Stad: Maarud gjestegaard og Norsk skogfinsk museum, Finnskogen

Arrangørar: Norsk folkemusikklag i samarbeid med Norsk senter for folkemusikk og folkedans

Sjå heile seminarprogrammet her (endringer kan forekomme) og meld deg på her.

Forrige
Forrige
20. oktober

Webinar, Erfaringer fra Dance-ICH

Neste
Neste
2. november

Frist Nominasjoner Fagpublikasjonsprisen