Korleis få folk til å kome?

Skrevet av Anna Gjendem

Det finst ein drøss av dyktige folk og gode kurslokale. Å gjere avtalar med instruktørar/utøvarar og skaffe lokale til aktiviteten er eigentleg ein veldig kjekk del av arbeidet. Størsteparten av arbeidet ligg ikkje der. Arbeidet ligg i å få folk til å kome. Eg er ingen ekspert, eg har faktisk ofte vondt i magen når dagen for arrangementet er der – kjem det folk?  

Det finst ein drøss av dyktige folk og gode kurslokale. Å gjere avtalar med instruktørar/utøvarar og skaffe lokale til aktiviteten er eigentleg ein veldig kjekk del av arbeidet. Størsteparten av arbeidet ligg ikkje der. Arbeidet ligg i å få folk til å kome. Eg er ingen ekspert, eg har faktisk ofte vondt i magen når dagen for arrangementet er der – kjem det folk?  

Det er heilt klart ingen fasit på korleis ein får folk til å kome. Det er så mange faktorar som spelar inn. Her er nokre gjengangarar:

  • Andre kolliderande arrangement

  • Dårleg marknadsføring

  • Misforståingar

  • Vær og vind

  • Krasjar med arbeidstider

  • Venen min skal ikkje, så då kjem ikkje eg heller

  • Eg har ingen til å køyre meg/mine

  • Økonomi

  • Eg har ingen å kome saman med

Det er uansett mykje du som arrangør kan gjere for å legge til rette for at flest mogleg tek turen. Nokre døme:

  • Arrangere noko det er etterspørsel etter

  • Vere open for at alle kan kome (f.eks. med og utan partner)

  • Forhøyre deg om kva dag/tidspunkt som høver for folk

  • Plakatar, flygeblad, arrangement i SoMe, e-post

  • Søke stønad til arrangementet

  • Ha dialog med andre som arrangerer – er det andre arrangement på det tidspunktet?

Det kan vere lurt å forankre arrangementet i fleire organisasjonar, eller at fleire enkeltpersonar er involvert. Fleire som ivrar for eit arrangement = fleire frammøtte.

  • Er det enkeltpersonar som har lyst til å vere med å arrangere?

  • Er det lokale ungdomslag og spelemannslag i nærleiken?

  • Er det fylkeslag/områdelag i nærleiken?

  • Er det eit museum eller eit folkemusikkarkive i nærleiken?

Organisasjonane har gjerne ein årsplan og skal kanskje også arrangere noko a la det du tenkjer på. Dei kan søke stønad og har kanskje pengar som dei har tenkt å nytte til arrangement gjennom året.

 Det viktigaste er vere synleg og ha ein god dialog med potensielle deltakarar.

 
Forrige
Forrige

Kommunikasjon mot beslutningstakere

Neste
Neste

Kommunikasjon i møte med barn og unge