Dei tok oss med i dansen – eit svært vellukka arrangement!

Me har hylla den store danseformidlaren og -innsamlaren Klara Semb som hadde vore 140 år i 2024! 1.-3. mars inviterte Noregs Ungdomslag og Norsk senter for folkemusikk og folkedans til seminar om dansefordjuping og repertoar for fellesskap og samværsdans i Trondheim. Me hadde fokus på enkle og samlande turdansar, men òg ei fordjuping i dei meir avanserte stega og rytmane me har i ulike danseslekter og dansetypar av turdans. Laurdag kveld vart det ein heidundrande dansefest med runddans og bygdedans av mange slag, der eit aktivt dansevertskap på meisterleg vis engasjerte heile salen ut på golvet med jamlege innslag av turdansar som gode fellesskapsdansar.

 

Norsk senter for folkemusikk og folkedans og Noregs Ungdomslag samla seg for å markere den store Klara Semb, som i år hadde hatt jubileum. Resultatet vart eit seminar med mange dyktige instruktørar, musikarar og ikkje minst deltakarar – heile 60 stykk tok turen til Trondheim denne helga! Me ville syne korleis ein kan gjere turdansen enda meir aktuell i dag, og korleis ein kan bruke eit slikt danserepertoar på ein dansefest med mange ulike folk, bakgrunnar og interesser. Turdansen er nemleg ikkje så langt i frå dei andre folkedansslektene som runddans og bygdedans som mange kanskje tenkjer. Å bruke turdans kan vere ein genistrek i undervisningssituasjonar eller på ein dansefest kor ein ynskjer å inkludere alle, senke terskelen for å vera med å danse som nybyrjar, og samtidig lære bort steg og rytmar som òg kan nyttast i andre dansar.

Me var så heldige å ha med eit stjernelag av instruktørar og musikarar i Vegar Vårdal, Marianne Dahl, Tone Ingvaldsen, Torill Aasegg, Einar Olav Larsen, Tone Erlien, saman med Siri Mæland som fagkoordinerte det heile. Dette gav mange gode perspektiv på korleis ein kan tenkje om og bruke turdansen meir. Dei tok oss verkeleg med i dansen, og kanskje opna dei nokon nye dører for deltakarane når det gjeld denne folkedansretninga.

Laurdagskvelden bydde me opp til meir dans i salen til BUL i Nidaros. Ein dansefest i samarbeid med TrondheimFOLK, BUL Nidaros, Noregs Ungdomslag og Norsk senter for folkemusikk og folkedans. Dansefesten var open for alle som var interessera, og med fullt dansegolv fekk me smake på mange ulike dansar på ein kveld. Musikarane kunne by på alt frå pols, telespringar, reinlender, vals, masurka og ikkje minst turdansar som trondheimar, ril og Oira frå Salmijärvi. Noko for alle! Me ville nytte turdansen inn i mellom kvar økt, der med brukte marsj og langedans som signal for at noko felles skulle skje. Då fekk me alle ut på golvet, og fylgde på med to-tre fellesdansar før me gjekk over til noko anna igjen. Dei som leda fellesøktene var tydlege, og synte korleis ein kan lede dans utan å bruke ord. Alle deltakarane på seminaret vart med som dansevertar under heile festen. Danevertane fungerte som danseførebilete, men òg dansepartnarar som bydde opp dei som sat igjen på sidelinja.

Deltakarane sat igjen med ny erfaring kring turdansen i følgje evalueringa, og dermed håpar me at han blir meir nytta der det dansast kan! Takk til alle som gjorde denne helga til ein fest - det vart verkeleg suksess!

Foto: Jana Pavlova og Ole Wuttudal

Forrige
Forrige

Kulturell og sosial bærekraft i danseprosjekter

Neste
Neste

Små og raske 2. tildeling 28. februar 2024