Eit møte med tradisjonskjelder

Ein liten rapport frå kurs og ‘nerding’ med Magne Velure og Mekkjel Nå i Kinsarvik laurdag 13. november.

Laurdal 13. november hadde Hardanger spelemannslag sin månadlege kursdag – denne gongen i Kinsarvik. Vi fekk vera med og delta på dansekurs for ungdom og vaksne, der Magne Velure var instruktør. Til kurset kom både heilt ferske dansarar og dansarar som hadde dansa mest heile sitt liv. Magne lærde bort hamborgar og springar slik han dansar desse. Det var veldig interessant å sjå og høyra korleis Magne jobba med både hamborgar og springar. Alexander Aga Røynstrand kom innom kurset når det var springar ‘på menyen’ og serverte god dansemusikk til springardansen. I tillegg til at Magne instruerte og fortalde om korleis han kom i kontakt med dei eldre dansarane då han var yngre, og korleis han lærde ‘springen’ slik han dansar og instruerar den, kom også Mekkjel Nå innom og fortalde litt frå sit ‘danseliv’. Som mange andre lærde Mekkjel også dans på kjøkengolvet heime. Mor hans, Ingeleiv Nå vår både ein røynd dansar og instruerte også. Både Mekkjel og Ingeleiv er blant dansane som dansar på film som vi har i arkivet hjå oss. Desse filmingane i Hardanger vart gjort i 1967 og 1982.

Etter at kursdeltakarane hadde fått teken på både hamborgar og springar var det tid for litt ‘nerding’ med arkivfilm. Tidlegare i år har vi hatt såkalla ‘webinar’ der vi saman med ein gjeng interesserte har jobba med eit utval filmar frå Sørfjorden med springar. Kursdeltakarane i Kinsarvik fekk då i ‘tredje bolk av dagen’ vera med, saman med Magne, som også var med oss på desse ‘webinara’ tidlegare, og kika på og undersøka dei variasjonane i tak og steg som dei ulike dansarane på filmane brukte i sin dans. Det var interessant å få sjå og reflektera saman med kursdeltakarane, der nokon hadde dansa ein del springar medan andre ikkje hadde dansa det før denne dagen, om dei ulike variasjonane. Det vart også sett på korleis dei ulike dansarane, som var på klippa, sat saman dei ulike taka i rekkefylgje og variasjonane i stega i dansen deira.

Dette vart eit fyrste fysisk ‘mini-seminar’ med springarmateriale frå Sørfjorden og vi vonar å få til eit noko større seminar til neste år der vi sit av end meir tid og kan bora oss endå lengre ned i materialet saman med seminardeltakararne. Håpar alle som var med oss i Kinsarvik denne laurdagen og alle dei som har lyst til å bli med på slik ‘nerding’ vidare framover, blir med oss på det. Vi vil publisere dato og stad for dette når det er klart.

Takk til Magne, Mekkjel og kursdeltakarane som vart med på dette og til Hardanger spelemannslag for samarbeidet.

Forrige
Forrige

Små og raske midler 8. tildeling 10. desember 2021

Neste
Neste

Små og raske midler 7. tildeling, 4. november 2021