Fellesinnspel til NOUen Musikklandet
Frå FolkOrg, Riksscenen, Noregs Ungdomslag og Norsk senter for folkemusikk og folkedans.
Musikklandet klarer å fange musikkens eigenart og viktigheit på ein god måte. Utvalet verkar å ha gjort eit godt og djuptgåande arbeid. For oss på folkemusikkfeltet er det særleg godt å sjå at tradisjonsmusikk får særskilt fokus i kapittel 5 til 7.
Å satsa på folkekulturen er å satsa på framtida. Folkemusikken og folkedansen er ei kraft i seg sjølv – eit unikt samværsfellesskap og kunstfelt i spennande utvikling. Denne musikken og dansen er samlande på tvers av sosiale miljø, og ein slik samvær- og deltakarkultur er både psykisk og fysisk helsefremjande.
Dei fire største organisasjonane på folkemusikk- og folkedansfeltet, Riksscenen for folkemusikk joik og folkedans, Norsk senter for folkemusikk og folkedans, Noregs Ungdomslag og FolkOrg – organisasjon for folkemusikk og folkedans, ga hausten 2024 eit stort og felles innspel til utvalet. I dag gjev vi eit felles høringssvar til departementet med innspel om kva vi er einige om at er det aller viktigaste at departementet gjer med utgangspunkt i NOUen
Dei viktigaste punktene å følgje opp, meiner vi, er:
Strategi/stortingsmelding om immateriell kulturarv
Regional struktur på folkemusikk- og folkedansfeltet
Fond for tradisjonsutøvere og Joikefond
Styrking av folkemusikkarkiva
Immateriell kulturarv fortener ein heilskapleg politikk
Den immaterielle musikkarven i Noreg – folkemusikk, joik og vokale tradisjonar – manglar framleis ein heilskapleg politikk som speglar den rolla desse uttrykka har i norsk kulturhistorie og i dagens musikkliv. Musikklandet (Musikk-NOU 2024) understrekar at dei tradisjonsborne musikkpraksisane er ein del av grunnmuren i musikkfeltet, og at dei må inngå i ein samla nasjonal musikkpolitikk dersom vi skal sikre kontinuitet, rekruttering og levande bruk. NOU-en peikar samstundes på at dokumentasjon, digital infrastruktur og kunnskapsforvaltning er svakt samordna, og at tradisjonsmusikken i særleg grad er avhengig av robuste fagmiljø og betre koordinering. Dette er i dag eitt av dei største hola i musikkpolitikken.
Utfordringa handlar ikkje om politisk motvilje, men om manglande merksemd. Den immaterielle musikkarven ligg spreidd på tvers av arkiv, frivillige organisasjonar, lokale miljø og enkeltutøvarar, utan ei felles retning. Dermed blir det vanskeleg å følgje opp dei tydelege signala i Musikk-NOUen om at musikkpolitikken må omfatte heile økosystemet av praksisar – ikkje berre produksjon og formidling, men òg bevaring, dokumentasjon og overføring av tradisjon. Tradisjonsmusikk krev langsikthet, kontinuitet og rom for læring mellom generasjonar; utan ein heilskapleg politikk risikerer vi at miljøa blir svekte samstundes som behovet aukar.
UNESCO-konvensjonen gir Noreg eit klart ansvar for å sikre at levande musikktradisjonar faktisk blir haldne levande – ikkje berre dokumenterte eller digitaliserte. Det føreset koordinering og eit samla fagmiljø som kan gi kvalifiserte råd til staten. Organisasjonane i musikkarvfeltet kjenner kvarandre godt og representerer ulike uttrykk, men dei har eit felles fagleg utgangspunkt og felles behov. Det som manglar, er ein formalisert struktur som gjer at feltet kan tala med éi stemme og bidra inn i utviklinga av politikk. Ei koordinatorfunksjon og eit tydeleg mandat vil gi musikkarvfeltet den tyngda Musikk-NOUen etterlyser, og sikre at tradisjonsmusikken blir ein integrert del av framtidas musikkpolitikk.
Ein heilskapleg politikk for immateriell kulturarv er difor avgjerande for å realisere ambisjonane i NOUen. Musikklandet viser at tradisjonsborne praksisar er ein del av grunnmuren i musikkfeltet og krev langsiktig arbeid med rekruttering, overføring og bruk. Det same gjeld for resten av den immaterielle kulturarven. Folkemusikk- og folkedansorganisasjonane ber difor om at ein strategi eller stortingsmelding for immateriell kulturarv vert prioritert, der musikk og dans er likestilt med andre kulturuttrykk, og der Noreg følgjer opp forpliktingane i UNESCO-konvensjonen.
Regional struktur på folkemusikk- og folkedansfeltet
Viser til kapittel 7, samt 13.1 og tilrådingane side 343.
I dag er organiseringa av folkemusikk- og folkedansfeltet prega av at særleg regionane er ulike organisert og varierande aktivitet. Det er god og tydeleg organisering somme stader, og meir utydeleg og fråverande andre stader. I det folkemusikalske kartet er det på regionalt nivå det er flest manglar, sterkast behov og størst potensial. Dei lokale initiativa, dei profesjonelle turnerande tradisjonsutøvarane og fagmiljøa treng ein koordinerande hub.
Ei satsing på regionale senter vil styrke heile det folkemusikalske økosystemet. Frivillig verksemd blømer kring profesjonelle verksemder som folkemusikksenter, folkemusikkarkiv og festivalar, og desse treng energien frå det frivillige feltet. Vi er heilt avhengige av kvarandre for å få vidareført tradisjonane, rekruttert nye utøvarar og publikum, og få folkemusikken og folkedansen ut til alle dei som enno ikkje veit at dei elskar det.
Dei regionale hub’ane skal vera gode koordinerande ledd mot aktørar som lokale tradisjonsberarar, lokallag, profesjonelle aktørar, barnehage, skule, kulturskule, DKS, kulturhus, arrangørar, museum og anna kulturliv. Dei skal hjelpa til med organisering og strukturering av regionen etter mønster av dei eksisterande sentera, vera ledestjerner og leiande fagmiljø for regionane, men kan og vera produsent og turnekoordinator for profesjonelle produksjonar innan folkemusikk og dans. Slik vil ein óg medverke til å styrkje bransjeleddet og folkemusikk som næring, til profesjonalisering av arrangørleddet og publikumsbygging i heile landet.
Vi ser ein trong for ei fullførande oppbygging av ein landsdekkande struktur av regionale folkemusikksenter. Dette er også ei oppfølging av argumentasjonen i stortingsmeldinga Kunstnarkår, det følgande står i kapittel 13.8, side 126:
Regjeringa meiner dei ulike sjangersentera og kompetansesentera innanfor musikk bidreg til å styrkje dei profesjonelle musikkmiljøa utanfor dei store byane.
Vi les vidare i Kunstnarkår at dette med speleplassar og nye arrangørar er ei prioritering. Vi meiner at slike regionale profesjonaliserande senter som her er nemnde vil vera med på å gjera det enklare for lokale arrangørar - både når det gjeld hjelp med kompetanse innan feltet, og med subsidierte turnear. Dette ville igjen gi meir folkemusikk og folkedans ut til folk, og gi arbeid for aktive musikarar og dansarar.
I NOUen skriv utvalet på side 156:
Et gjennomgående behov som framheves, er etableringen av nasjonale og/eller regionale ressurssentre for tradisjonsbasert musikk og dans. Disse kan fungere som faglige og sosiale knutepunkter – steder hvor dokumentasjon, opplæring, samproduksjon og formidling kan finne sted på gruppenes egne premisser. I flere innspill vises det til hvordan musikkmiljøer som i dag er isolerte, kunne styrket hverandre gjennom felles møteplasser, festivaler og digitale nettverk.
Den strukturelle svakheita vi opplever i det folkemusikkmiljøet per i dag, er også ein manko i andre miljøa. Så med utgangspunkt i kapitlane 5 til 7 kan med hell slike sjangersenter romme meir. Her er det eit potensiale for å sjå større på det. Kanskje skal desse sjangersentra også arbeide for fleire deler av det immaterielle kulturarvfeltet?
Dette er på ingen måte ferdigtenkt, men vi opplever at Musikklandet utfordrar til å tenkje i slike baner. Vi ynskjer dialog med både KUD og andre miljø om dette.
Fond for tradisjonsutøvere
Viser til Kapittel 7.6 og utvalgets tilrådingar på side 159.
I andre kulepunkt i utvalets tilrådingar side 159 i kapittel 7.6 står følgande: Etablere et fond for utøvere innen tradisjonsmusikk
Dette er tiltak i NOUen vi stør opp om! Og argumentasjonen i kapittel 7.3 og 7.6 har fullt og heilt støtte frå oss. Vi meiner dette burde vere eit fond eller støtteordning som også kan gjelde folkedansarar, difor har vi i vårt forslag brukt omgrepet tradisjonsutøvarar. Og vi meiner det er heilt riktig at dette sjåast i samanheng med eit fond som omhandlar både joik og andre minoritetars folkemusikk. Dette kan knytast til utvalets tilråding i kulepunkt 3 i kapittel 5 side 127, å «Opprette et joikefond».
Noreg har ein usedvanleg rik tradisjon når det gjeld tradisjonell musikk og dans. I motsetning til tidlegare tider, har vi no tekniske høve til å lagra, lytta, sjå og overlevera utan fysisk nærvær eller å vere på same stad til same tid. Likevel er det framleis slik her til lands at tradisjonell musikk og dans hovudsakleg blir lært og blir bringa vidare personleg frå utøvar til utøvar. Denne sterke tradisjonen gjer at folkemusikkmiljøet er vitalt og fullt av utøvarar som treffest og lærer av kvarandre.
Folkemusikken er ein delingskultur. Denne delingskulturen i møte med eigarskap og opphavsrett gir utfordringar, og tradisjonsmusikkens plass i TONO-systemet har vore krevjande heilt sidan TONO vart oppretta. Opphavsretten gir eit tidsavgrensa vern. I dag har ein norsk opphavars verk vern i levetida til opphavaren + 70 år etter dødsåret (åndsverkslova § 40). Dette inneber at den tradisjonelle musikken for lengst er ”fallen i det fri” og kan nyttast fritt av alle.
Det er få insentivordningar for å drive med det folkemusikkorganisasjonane har eit hovudansvar for å vidareføra og forvalte: Den musikalske arven. Dei aller fleste tilskotsordningar som går på musikk, handlar om å skape musikk og utøve denne. Dette gjer at dersom du skal arbeide som utøvande musikar, så vil det alltid løne seg for utøvaren å spela eigenkomponert musikk.
Den tradisjonelle musikken må få gode bruks- og utviklingsvilkår. Vi meiner at eit fond for tradisjonsutøvarar vil vere nettopp dette.
Styrking av folkemusikkarkiva
Utvalet si formulering om «digital infrastruktur» må konkretiserast til eit forpliktande tiltak for folkemusikk-, joik- og folkedansfeltet.
Musikk-NOU Musikklandet peikar tydeleg på behovet for sterkare digital infrastruktur og betre samordning i kultursektoren, men adresserer ikkje det konkrete og påviste behovet for nasjonal koordinering av folkemusikk-, joike- og folkedansarkiva. Dette var eit sentralt punkt i vårt innspel til prosessen, men fall bort i den endelege rapporten. Folkemusikkfeltet er i dag prega av små og sårbare aktørar som verken har kapasitet eller digitale løysingar som står i forhold til omfanget, kompleksiteten og tydinga av materialet dei forvaltar. Når utvalet omtalar digital infrastruktur, må dette difor konkretiserast til eit forpliktande tiltak: etableringa av eit nasjonalt fag- og katalogsystem for folkemusikk-, joike- og folkedansarkiva. Ei slik løysing må byggjast på Nasjonalbiblioteket si valde plattform Axiell Collections og vidareutviklast med ein modul som tek vare på feltet sine særlege behov, særleg knytt til levande audiovisuelle uttrykk, variantliner, språk, geografisk forankring og kompleks person- og stadinformasjon.
Musikk-NOU-en understrekar at framtidig kulturpolitikk krev gode, robuste strukturar for dokumentasjon, bevaring og tilgjengeleggjering av musikkpraksisar i heile landet, og at digital infrastruktur er ei føresetnad både for kunnskapsutvikling, deltaking og beredskap. Folkemusikk- og joikearven høyrer klårt inn under dette, men manglar i dag eit system som kan sikre fagleg forvaltning og reell tilgjenge. Noreg har gjennom UNESCO-konvensjonen forplikta seg til å identifisere, dokumentere og sikre levande kulturarv, og konvensjonen legg særleg vekt på at slik arv berre kan bevarast gjennom aktiv bruk og kunnskapsoverføring. Digitaliseringsarbeidet som no går føre seg ved Nasjonalbiblioteket mistar mykje av verdien dersom materialet ikkje kan forvaltast, berikast og takast i bruk gjennom eit moderne system og ei offentleg finansiert publiseringsplattform.
Samtidig er folkemusikk- og joikearkiva sjølve underfinansierte. Arkiva manglar ressursar til å kvalitetssikre metadata, kontekstualisere materialet og møte brukarane sine behov, og utan økonomisk styrking vil sjølv eit nytt nasjonalt system stå i fare for å bli ein tom teknisk struktur utan innhaldsmessig utvikling. Ei satsing på eit nasjonalt fagsystem, kombinert med styrking av dei regionale arkivmiljøa, vil vere i tråd med regjeringa sin digitaliseringspolitikk, Musikk-NOU-en sine anbefalingar og Noreg sine internasjonale forpliktingar. Dette er eit konkret og gjennomførbart tiltak som vil sikre at den lydlege og munnlege kulturarven vert tilgjengeleg, brukt og ført vidare som ein del av den digitale kunnskaps- og beredskapsgrunnmuren Noreg ønskjer å byggje for framtida.
Rapporten diskuterer digitalisering og arkiv generelt, men utan konkrete forslag om nasjonal koordinering av folkemusikkarkiva. Dette var ein eksplisitt del av både Norsk senter for folkemusikk og folkedans og FolkOrg sitt opphavlege innspel, men er utelate.
Det må opprettast eit nasjonalt fag- og katalogsystem for folkemusikk- og folkedansarkiva, utvikla av og koordinert gjennom Nasjonalbiblioteket i samarbeid med Norsk senter for folkemusikk og folkedans og dei regionale arkiva.
Systemet bør sikre felles metadata-standardar og ei offentleg finansiert publiseringsplattform for tradisjonsmateriale. Dette er nødvendig for å ivareta UNESCO-konvensjonen sine forpliktingar om safeguarding through use.

