Prisen for folkemusikk og folkedans 2020

Norsk senter for folkemusikk og folkedans gav i 2020 prisen – post mortem – til Kari Margrete Okstad, som gjekk bort denne sommaren. Ektemannen Gunnar Stubseid tok i mot prisen på vegne av henne. Kari Margrete Okstad fekk folkemusikk- og folkedansprisen i 2020 for si livslange interesse for, engasjement for og vidareføring av folkedansen og tradisjonsdansen i Noreg.

Kari Margrete hadde den unike kombinasjonen med å vera både utøvar, pedagog og fagperson. Ho var utan tvil ein sterk dansar og pedagog med eit sterkt pedagogisk engasjement for mangfaldet i folkedansutøvinga både i turdansen, runddansen og bygdedansen. Ho fordjupa seg danseanalytisk i arkivmaterialet ved Sff, der ho arbeidde på heile 1990-talet. Ho var ein framifrå formidlar av materialet både munnleg og skriftleg innanfor vidaregåande og høgre utdanning, og ikkje minst i dei frivillige organisasjonane NU og FolkOrg.

Dei materielle spora etter Kari Margrete ser vi i dag i publisert dansepedagogisk materiale for grunnopplæringa, samt forskingsartiklar, større vitskaplege verk som har blitt pensum på høgre utdanning, og læremateriell i folkedans for den vidaregåande skulen. Hennar pedagogiske teft ser vi att i metodikkhefta Modellar for folkedansundervisning (1992 og 1994) som vart brukt i etter- og vidareutdanningskurs for lærarar i grunnskule og vidaregåande skule på heile 1990- og 2000-talet. Heftet Modellar for bygdedansundervisning - Norsk dans for 90-åra (1990), og Halling frå Dalsfjorden - Lærepakke med video og teksthefte (1993) var pionerarbeid for utvikling av dansemetodikk for bygdedans. Metodikkutviklinga og hefta var eit samarbeid med Erling Flem og Egil Bakka. Ho står som medforfattar av lærebøker for musikkfaget og danselinjene/studieretningsfaget dans i den vidaregåande skulen. Ho var også medforfattar i større vitskaplege verk saman med forskingsgruppa i Nordisk forening for folkedansforskning, NFF: Nordisk folkedanstypologi (1997) og Norden i dans (2007). Mastergraden hennar frå 2002 – Rørslemønster i Rørospols – ei studie av variasjon og distribusjon i dansesvikten har blitt eit solid oppslagsverk om mangfaldet og variasjonen i ein dansetradisjon.

Likevel vil vi framheve at dei immaterielle spora etter Kari Margrete er vel så viktige, og som også var sjølve grunnlaget for hennar virke i folkedansen. Dansen hadde ho med seg heimanfrå, og sjølv har ho skrive at ho byrja å danse folkedans i 14-årsalderen som aktivt medlem i folkedanslaget heime i Namsos. Ho deltok på instruktørkurs, og i 1980 vart ho tilsett som reiseinstruktør i ungdomslaga i Nord-Trøndelag. I 1986–1989 engasjerte ho seg som frivillig i Leikrådet, og frå 1987 var ho fast lærar på landsdekkande instruktørkurs i NU i fem år. Ho var i det aller fyrste studentkullet på Folkedansstudiet ved NTNU i 1989. Året etter vart ho tilsett ved Sff og dermed sjølv lærar på studiet, ein særs omtykt danselærar på heile 90-talet, og var fast gjestelærar utover på 2000-talet etter at ho hadde fl ytta til Voss og byrja som undervisningsleiar ved Ole Bull Akademiet (OBA). På OBA var det dei komande musikklærarane og dansestudentane ved mange av landet sine universitet og høgskular som fekk læra folkedans, og læra å læra vekk folkedans av Kari Margrete. Ho var også særs viktig i opprettinga og gjennomføringa av prøveordninga med Bachelorgrad i utøvande tradisjonsdans (2009-2012) – eit samarbeid mellom OBA, Sff og NTNU.

På 2000-talet vart Kari Margrete ein viktig del av OBA. Som leiar for Osafestivalen utvikla ho festivalen til å bli ein viktig festival både lokalt, regionalt og nasjonalt. Heile tida heldt Kari Margrete tett kontakt med folkedansrørsla som instruktør lokalt der ho budde, på landsdekkande kurs, og som dommar på kappleik. Fleire lag og organisasjonar har gjort henne til heidersmedlem. Heile folkemusikk[1]og folkedansmiljøet fekk også gleda av kompetansen hennar gjennom arbeidet ho gjorde for Rådet for folkemusikk og folkedans i to periodar frå 2004 til 2012.

Kari Margrete sette varige spor etter seg, og ho var med på å utvikla arbeidsplassane sine ved Sff og OBA, så vel som i folkedansmiljøet lokalt, regionalt og nasjonalt. Det vart difor sjølvsagt for henne å også involvera seg i Setesdals[1]miljøet kor ho budde dei siste 20 åra. Ho vart ein pionér då ho samla miljøet i Setesdal om å listeføre musikk-, song- og dansetradisjonane deira på UNESCO si representative liste over immateriell kulturarv. Ho såg at det å løfte tradisjonane opp på ein internasjonal arena ville gjere at ein fekk større merksemd om tradisjonane heime, samtidig som innskrivinga innebar ei felles forplikting mellom aktørane om å vidareføre spel på hardingfele og munnharpe, gangardans, stev og stevjing i Setesdal.

Forrige
Forrige

Prosjektmidler 2. tildeling, 27. oktober 2020

Neste
Neste

Prosjektmidler 1. tildeling, 19. mai 2020