Rff-prisen 2005 til Leif Stinnerbom

Publisert 03 september 2012

Rådet for folkemusikk og folkedans har vedtatt å gi Rff-prisen 2005 til Leif Stinnerbom, teater-sjef på Västanå teater, Sunne i Värmland. Det er ein pris for tung og verdfull innsats for norsk folkemusikk og/eller folkedans.

prisvinnar2005.jpg

Leif Stinnerbom har bakgrunnen sin som utøvar med djupe røter til samisk og svensk tradisjons-musikk og tradisjonsdans. Gjennom originalt nybrottsarbeid har han saman med kona Inger Hallström Stinnerbom skapt fargesterke, kreative rom for bruk av folkemusikk og folkedans på scena.

Arbeidet hans har vore ein heilt avgjerande og sentral inspirasjon for det aller meste av den tydelege nyorienteringa som har skjedd i Noreg når det gjeld scenisk presentasjon, spesielt av folkedans, men òg av folkemusikk dei seinare åra.

Når Stinnerbom har blitt så viktig er det mellom anna fordi han maktar å gripa fatt i sentralt, djuptliggjande uttrykkspotensiale i den folkelege kulturen som han på ein meistarleg måte byggjer iscenesetjingane sine på.

Dei seinare åra har han ved sida av dei mange store oppsetjingane heime i Värmland nådd å setja opp fleire klassikarar i sitt spesielle folkemusikk- og folkedansuttrykk her i Noreg. Vi nemner oppsetjinga av Peer Gynt på Rogaland Teater i Stavanger og En midtsommernattsdrøm på Den Nasjonale Scene i Bergen. Han har også vore med og skapt heilt nye forestillingar som Skal, skal ikkje for Førde internasjonale folkemusikkfestival og Meistermøy for prosjektet Fjordapuls – Bygda dansar.

Eit nytt høgdepunkt kjem no i haust med Tryllefløyta, folkeoperaen som er ein folkemusikkversjon av Mozarts kjende verk med ei rekke topputøvarar frå norsk folkemusikk i hovudrollene. Stinnerboms oppsetjing for dei norske og svenske Rikskonsertane har premiere på Den Norske Opera 14 oktober. Deltakarane på Representantskapsmøtet til Rådet for folkemusikk og folkedans vil vera til stades der og oppleva at den norske kulturministeren deler ut prisen etter teppefall. Det er første gongen Rff-prisen har gått ut av landet, og Rådet finn det særleg gledeleg og høveleg at prisen då går til Sverige i jubileumsåret for 1905. Om prisen går ut av landet, så er det likevel ein tung og banebrytande innsats for norsk folkedans og folkemusikk i Noreg som blir verdsett.

Rff-prisen vart første gongen utdelt i 1993 med Knut Buen som prisvinnar. Seinare har Sigmund Eikås, Agnes Buen Garnås, Sven Nyhus, Tor Stallvik, Liv Greni, Olav Sæta, Leif Løchen, Kirsten Bråten Berg, Hallvard Kvåle, Geir Egil Larsen og Jostein Mæland fått prisen.