Lys i tunnelen for norske folkemusikkarkiv

Folkemusikkarkiva i Noreg har lenge varsla behov for eit nytt nasjonalt forankra fagsystem. I dag kviler folkemusikken sin digitale infrastruktur på skuldrene til frivillige entusiastar i Noreg og Sverige. – Eit godt fagsystem som bidreg til å sikre informasjon knytt til den norske folkedansen og folkemusikken bidrar til å bevare Noreg sin kulturarv, seier Ellen Krageberg, direktør ved Norsk senter for folkemusikk og folkedans.

Norsk senter for folkemusikk og folkedans og Opplandsarkivet har saman engasjert seg på vegne av alle folkemusikkarkiva for å få til en løysning. Nasjonalbiblioteket har signalisert at dei kan ta ansvar for å utvikle eit slik fagsystem – og som vil komme alle folkemusikkarkiva til gode. Måndag 13. juni stilte Grunde Almeland, leiar for familie- og kulturkomiteen, skriftleg spørsmål til kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen, og spør om korleis statsråden vurderer å kunna gje Nasjonalbiblioteket eit mandat og eventuelt ressursar til å utvikle og drifte eit nytt fagsystem for folkemusikkarkiva.

På spørsmålet svarte Trettebergstuen at kultur- og likestillingsdepartementet er kjend med at katalogsystemet Fiol er sårbart og bør erstattast av eit nytt og oppdatert fagsystem for registrering og katalogisering av folkemusikk og folkedans. I følgje Trettebergstuen sitt svar er departementet allereie i dialog med Nasjonalbiblioteket om korleis folkemusikkarkiva sine utfordringar kan løysast, og at kultur- og likestillingsdepartementet vil følgje opp dette i den vidare dialogen med Nasjonalbiblioteket.

– Vi er veldig glade for at Grunde Almeland stilte spørsmålet og at fleire nasjonale politikarar engasjerer seg i saka, seier Ellen Krageberg. – Vi er heilt avhengige av forankring i Stortinget for å få til dei grepa vi meiner er naudsynte for å redde kulturarven, seier Silje Cathrin Fylkesnes, sekretariatsleiar ved Opplandsarkivet. – Difor er vi svært glade for å høyre at Trettebergstuen ser at det er eit behov for ein meir langsiktig og sikker katalogløsning for folkemusikkarkiva.

I dag er det folkemusikkarkiva i Noreg som forvaltar størstedelen av den nasjonale arven innan folkemusikk og folkedans. Ved arkiva finst det store mengder unikt materiale som er ein viktig del av Noreg sin felles hukommelse og immaterielle kulturarv. I dagens digitale samfunn krevst det gode, driftssikre og framtidsretta digitale løysingar og fagsystem for ei hensiktsmessig forvaltning og tilgjengeleggjering av denne viktige kulturarven.

Dagens fagsystem for folkedans og folkemusikk – Fiol – vart utvikla på slutten av 1970-talet ved Norsk Folkemusikksamling. I dag er drifta av databasen redusert til frivillig arbeid med eit minimum av ressursar. Dette er svært bekymringsverdig og kritisk for vidare forvaltning av den norske immaterielle kulturarven.

På bakgrunn at dette krev no folkemusikkarkiva i Noreg ressursar til utvikling og drift av eit nytt fagsystem. Samanlikna med moderne teknologi står Fiol fram som forelda og utdatert. Eit godt fagsystem er ein føresetnad for bevaring, tilgjengeleggjering og formidling av arkivmateriale.

Noreg har ei plikt til å realisere måla i UNESCO-konvensjonen om immateriell kulturarv, og til å leggje strategiar for bevaring og vidareføring av kulturarv. Folkemusikken og folkedansen er for spesielt og allment interesserte – den er for elevar i kulturskolen, forskarar og studentar ved høgare utdanningsinstitusjonar, og for produsentar, arrangørar og festivalar. Den er Noreg sin kulturarv og for alle – og det er naudsynt med eit godt fagsystem som bidreg til å sikre informasjon knytt til den norske folkedansen og folkemusikken.   

Forrige
Forrige

Små og raske midler 6. tildeling, 12. august 2022

Neste
Neste

Vil du ha sosialdans på ditt museum? Museene danser ønsker seg nye museer å besøke!