Foto: Bjørn Erik Heggeli, Vrimmel
Sist veke var FolkArkiv Trøndelag igjen ute på tur med DKS og dansefest med lokal musikk- og dansetradisjon ‘i lomma’, under Vrimmelfestivalen i Osen og Flatanger. Saman med swingdansar Cathrine Larsen og folkedansar Embla Olsen frå Stiftinga Hilmar Alexandersen besøkte vi Lauvsnes og Strand ungdomsskule, der elevane lærte å danse reinlender, polka og swing. Arkivformidlar og folkesongar Runa Kvalsund, som sjølv har anar frå Osen, lærte bort lokale slåttar, og ungdommane kunne stå for dansemusikken sjølv når dei skulle prøve seg på gamaldans for første gong. Dei fekk også høyre arkivopptak av lokale tradisjonsutøvarar, og reflektere rundt rolla til dans og musikk i kvardagen før og no, som noko sosialt heller enn prestasjonsbasert.
I forlenging av begge skulebesøka arrangerte FAT, Vrimmel og kommunane ein fleirgenerasjonell dansefest med levande dansemusikk, servering og framvising av arkivmateriale som synte fram noko av dei rike og mangfaldige musikk- og dansetradisjonane som finst langs kysten av Midt-Noreg. Både i Flatanger, der storspelemannen Klas Bøle hadde sitt hovudvirke på 1800-talet, og i Osen, heimplassen til den eminente spelemannen, komponisten og pedagogen Jakob Vingsand, møtte vi aktive og engasjerte elevar, lærarar, kommunetilsette, foreldre og besteforeldre, som dansa og song med på polka, reinlender, vals, swing og songleik. Både musikartrioen i Flatanger, beståande av Sven og Andreas Dahle Aagård og Jonas Finanger og Osingan i Osen med Håvar Haugen stod for drivande gode rytmar, og 10. klasse i Flatanger og Frivillighetssentralen i Osen stod for servering.
Fagleiar på kultur i Flatanger kommune, Nina Bendiksen, var med på dansefesten og fortel om positive tilbakemeldingar frå lærarar og føresette som hadde storkost seg.
««Vi ser at elevane lærer fort og at dei har det gøy i læringa. Eg opplever det som svært positivt at det ikkje blir lagt stort prestasjonspress på elevane i ei så tidleg fase av innøvinga. Det vekker nysgjerrigheita deira, og er med på å bidra til at dei tør å ta steget ut på dansegolvet»»
Ho legg også vekt på at dansefesten er viktig som møtearena på tvers av generasjonar: «Her ligg det mykje læring og trivsel, både for store og små, og dei midt i mellom. Vi ser at den tradisjonelle "bygdefesten" med generasjonar på tvers er i ferd med å bli vaska ut, så møteplassar som dette er svært viktig å ta vare på!»
Bendiksen seier at kommunen ønsker å få til en satsing på tradisjonsmusikk og -dans videre, slik at det ikkje berre blir ein «happening», men noko som kan få feste. Ho understrekar også viktigheita av det som er poenget med Vrimmel og det som også er kjernen i mykje av arbeidet til FolkArkiv Trøndelag: Kulturarrangementa må skje der folk bur.
«Alle samarbeidsprosjekt som blomstrar ut av Vrimmel, har bidratt til at Flatanger har fått eit unikt tilbod som vi ikkje hadde klart å sette opp på eiga hand. Det er ikkje alle som har anledning til å reise inn til sentrum og kulturhus der ein oftast finn profesjonelle kulturtilbod.»

