Kjeldeutgjevingar frå Trøndelag Folkemusikklag

Trøndelag Folkemusikklag arbeida i fleire år med å publisere arkivopptak med spellmenn frå ulike distrikt i Trøndelagsfylka. Meininga med denne produksjonen av kjeldemateriell, er at dagens folkemusikkutøvarar og andre interesserte skal finne att tradisjonen frå lokalmiljøet og kunne studere spelemåte, melodiføring, tonalitet, tempo og rytme.

Første utgjevinga kom på kassett i 1991 og omfattar Fosen, som er kystområdet frå Hemne til Osen. Den andre utgjevinga kom på CD i 1998 og femner frå Oppdal til Orkdal. Utgjeving nummer 3 frå 2004 inneheld arkivmateriale frå Innherred, her avgrensa til kommunane Steinkjer, Inderøy, Verdal og Levanger. Som ved dei to tidlegare utgjevingane, er det felemusikken og felespellmennene som blir presenterte. Kjelde-CD nummer 4 tek for seg tradisjonar frå Røros og Holtålen, og er utgjeve i 2009.

På desse sidene har vi gjort kjeldeutgjevingane tilgjengeleg digitalt. Musikken kan spelast av via SoundCloud. Informasjon frå tekstheftene er publisert slik som ved utgjeving. Vi tar derfor atterhald om at noko av informasjonen kan vere utdatert.