Kjeldekassett 1: Fosen

Utgjeve 1991

Slåttespell i Fosen-tradisjon

Trøndelag Folkemusikklag er eit regionlag i Landslaget for Spelemenn og organiserer spelmannslag og einskildpersonar i Trøndelagsfylka. Laget har dette føremålet:

Trøndelag folkemusikklag skal arbeide for folke­musikk og dansetradisjonar. Laget skal ta vare på og bruke dei lokale tradisjonane i slåttespel, annan vokal og instrumental folkemusikk og dans.

I samsvar med dette vil Trøndelag folkemusikklag lage ein serie kjeldekassettar for presentere eit utval av opptak med utøvarar frå alle distrikt i Trøndelagsfylka. Stort sett ligg stoffet arkivert hos Rådet for folkemusikk og folkedans. Meininga med denne serien er at interesserte skal finne att tradisjonen frå lokalmiljøet og studere spelemåte, melodiføring, tonalitet og rytme.

Som første kjeldeområde er vald Fosen, området frå Osen til Hemne i Sør-Trøndelag.

Utvalet er gjort av studierektor Knut Olav Aasegg, førsteamanuensis Bjørn Aksdal og kultursjef i Åfjord Helge Bueng.

Klikk på denne lenka for å opne tilhøyrande teksthefte som PDF. (Opnast i ny fane.)

 
 
Neste
Neste

Kjelde-CD 2: Slåttespel i Oppdal- Orkladals-tradisjon