Kjelde-CD 2: Slåttespel i Oppdal- Orkladals-tradisjon

Utgjeve 1998

Slåttespel frå Oppdal til Orkanger

Oppdal og bygdene frå Rennebu til Orkanger re­presenterer knapt eit område som klart har like tradisjonar i slåttespelet. Når Trøndelag folke­musikklag i samråd med Rådet for folkemusikk og folkedans, Rff-senteret, har valt a lage ein eigen CD-produksjon med arkivopptak av slåtte­musikk frå desse bygdene, har dette også ein del med praktiske og geografiske tilhøve å gjera. Det finst likevel ein del fellestrekk i tradisjons­området. Det gjeld ikkje minst ein del av slåtte­repertoaret og til ein viss grad spelestilen.

Oppdal, som er eit sentralt trafikknutepunkt, har fatt musikkimpulsar frå fleire distrikt. På 1800-talet fekk mange Oppdalsspelmenn mu­sikkopplæring i Trondheim, ikkje minst i klari­nettspel og notar. Når dei returnerte, hadde dei med seg nytt repertoar frå byen. Fleire slåttar har frå gamalt funne vegen frå Nord-Gudbrands-dalen over Dovre med omvandrande spelmenn. Storspelmannen Loms-Jakob var fleire gonger i Oppdal. Da Dovrebanen vart bygd, kom spel­menn frå ulike distrikt til Oppdal. Vi veit m.a. at folk frå Ålen- og Rørosområdet som spela fele og trekkspel, var med på anlegget, og det finst bevart slåttar etter desse spelmennene. Oppdals­spelmennene har elles alltid hatt mer kontakt med felespelarar i Kvikne og Rennebu, og her har slåtteutvekslinga vore stor.

Klikk på denne lenka for å opne tilhøyrande teksthefte som PDF. (Opnast i ny fane.)

 
 
Forrige
Forrige

Kjeldekassett 1: Fosen

Neste
Neste

Kjelde-CD 3: Slåttspell på Innherred