Klapp på skuldra eller pengar på bok?

Under Folkelarm inviterte FolkOrg, Noregs Ungdomslag og Norsk senter for folkemusikk og folkedans til paneldebatt med tittelen “Kva er prisen på ein folkedansformidlar?” Målet var å synleggjere folkedansformidlaren som ein viktig ressurs i det store fellesskapet av frivillige og profesjonelle som saman jobbar for å fremje folkedansen som levande kulturarv, samt løfte utfordringar knytt til prissetting av formidling og vidareføring av dans som kunnskap.

Panelet bestod av fem deltakarar, alle med fleire hattar og erfaring innanfor både det frivillige og det profesjonelle, anten som formidlar, pedagog eller arrangør. I panelet sat instituttleiar for tradisjonskunst og folkemusikk ved Universitetet i Søraust Noreg, Stian Roland, dansar og musikar Ulf-Arne Johannessen, instruktør og dansar, Tone Ingvaldsen, folkedansar, festival- og konsertarrangør Solveig Brekke Hauknes, og leiar i Noregs Ungdomslag, Torbjørn Bergwitz Lauen.

Kva kostar så ein folkedansar?

Som folkedansformidlar må ein bruke tid på å skape seg eit namn, anten det er som scenisk utøvar eller instruktør. Nokre har utdanning og papir på at dei er pedagog eller utøvar, medan andre sit med ein verdifull realkompetanse dei har opparbeidd seg gjennom mange år med dans, instruksjon og deltaking.

Stian Roland gjorde eit poeng ut av folkedansen som immateriell, eller levande, kulturarv, og la fram at det å ta betalt basert på kva du har papir på, blir litt å undergrave det folkedansen som levande kulturarv er.

– Erfaring og personlege eigenskapar er vel så viktig som studiepoeng, meiner Roland.

– Folkedansmiljøet er ikkje stort og ein kjenner kvarandre og stoler på kvarandre fordi vi møter kvarandre over alt, seier Tone Ingvaldsen.

– Og nettopp difor veit ein kva ein får når ein hyrer inn ein instruktør for ei helg og kan få eit godt honorar for jobben. Viss ein derimot skal ta eit oppdrag for ein ekstern aktør, er det lettare å dra opp prisen på honoraret viss ein har papir på kompetansen sin, fortset ho.

Spørsmålet om miljøet burde bli einige om eigne satsar for folkedansinstruktørar, kom opp fleire gonger. Hovudpoenget med det er å sikre at også dei som er dyktige instruktørar og formidlarar, men som ikkje kan vise til formell opplæring, kan krevje rettferdige honorar både i og utafor miljøet. For det kan vere mange måtar å vere profesjonell på, og ein kan gjere ein god jobb utan å ha høgare utdanning innanfor dans.

Honorar er éin ting, men det er så mykje meir som ligg bak.

– Prisen for å skape noko er ikkje berre det du betalar den eine folkedansaren som står på scena, men det er også all den innsatsen som folk rundt legg ned for å skape aktivitet og arrangement, seier Solveig B. Hauknes.

– I tillegg er folkedansaren med på å skape ein indre verdi for dei som er med eller ser på, legg Tone Ingvaldsen til.

– Vi må også hugse på at folkedansen i seg sjølv som kulturarv er ein stor verdi. Det er noko verdifullt som må takast vare på, seier Stian Roland.

Vidare stiller han spørsmål om prissetting er ein trussel mot dugnaden som dansen er tufta på, men fekk få svar. Kan hende det fekk både paneldeltakarar og publikum til å reflektere over eigenarten som er i folkedansen og det faktum at den folkelege samværsdansen har overlevd gjennom uformell vidareføring mellom generasjonar og ikkje berre i profesjonelle settingar?

Dugnad og frivilligheit

Dei fleste i folkedansmiljøet har bakgrunn frå eller eit forhold til det frivillige. Mange har vakse opp i eit lokalmiljø og har sett kor mykje innsats som blir lagd ned av frivillige for å halde aktiviteten og dansemiljøet levande. Uansett kvar du reiser, vil du alltid ha med deg kjennskapen til denne frivilligheita. Det kan hende du blir møtt med ei forventning om at du som profesjonell skal bidra vidare med dugnadsinnsats, noko som kan gjere det vanskeleg å krevje det du bør krevje for oppdrag.

Som profesjonell kan ein kjenne på at ein skuldar sitt eige lokallag noko som det er vanskeleg å setje pris på, nemleg alle åra med opplæring og fellesskap på heimstaden. For mange er det difor viktig å kunne gi tilbake til sine lokallag, og det vil vere vanskeleg å vite kva ein eventuelt skal krevje i betaling. Samtidig har ein lagd ned mykje eigeninnsats, utdanning og kanskje også pengar i å utvikle seg vidare etter at ein flytta heimanfrå, og då bør ein kunne krevje løn av lokallaget sitt for å få tilbake for den eigeninnsatsen.

I tillegg er ein som profesjonell også ein del av det frivillige gjennom å delta på festivalar, besøke ein dansefest eller halde kurs i eit lokallag. Som profesjonell innan folkedans vil du nok alltid ha eit forhold til det frivillige miljøet.

– Det kan vere vanskeleg å krevje Creo-satsar når ein blir spurt om å bidra i lag og miljø som ein har ein relasjon til, fortel Ulf-Arne Johannessen.

– Samtidig, viss det er snakk om større aktørar med betalingsevne, må ein passe på å ikkje underprise seg sjølv, fortset han.

Han meiner at dei som profesjonelle må vere flinke til å differensiere kva honorar ein skal krevje av kven, men dette kan vere vanskeleg, og skape ueinigheiter i miljøet.

Difor vart det løfta fram frå salen at arrangørane må vere sitt ansvar bevisst og tilby gode prisar til folkedansaren, og helst sjå dette i samanheng med kva ein ville tilbydt ein musikar.

For nettopp det med forskjellsbehandling mellom dansarar og musikarar vart også løfta som ei utfordring. Ved fleire tilfelle vart det nemnt at det er lettare å få tilbod om gode honorar viss du er musikar enn viss du er dansar. Det er difor viktig å jobbe for å løfte fram dansarane slik at dei kan bli verdsette på lik linje med musikarane.

Engasjement og motivasjon

Tematikken engasjerte. Fleire av dei som møtte, har sjølv erfaringar som anten profesjonell dansar, arrangør eller instruktør. Både innspel og spørsmål kom frå salen og bidrog til ein levande debatt.

Eitt av innspela handla om kva som kan vere motivasjon for å halde på som folkedansformidlar. For enkelte kan motivasjon handle om anerkjenning og det å vite at andre ser på deg som god, men for andre så kan det vere å ha eit mål å strekke seg mot, litt slik som verdscupen i langrenn.

Det vart sagt at musikken blir sett mest på i miljøet og i tevlingar, og nokon i salen lurte på kvifor det ikkje blir delt ut ein folkedanspris under Folkelarm, når det til og med blir delt ut pris for beste fotografi?

Er miljøet sjølv med på å undergrave dansaren eller ta dansen for gitt?

– Dei profesjonelle er førebilete som kan inspirere unge til å ville begynne å danse sjølv, meiner Tone, og lurar på om grasrotfotballen ville ha vore så stor viss det ikkje hadde vore ein Ronaldo eller Messi? – At fleire dansar på scena, gjer ikkje at færre dansar på fest, legg ho til.

Torbjørn Lauen legg fram at folkedansen først og fremst er ein sosial arena, ein samværsform, der ein skal vere saman med andre.

– Det gjer det vanskeleg å samanlikne oss med andre felt som skal vere på ei scene, seier Lauen.

– Sjølv om det er viktig med profesjonelle utøvarar på dans, så må hovudmålet for feltet vere å få fleire ut på dansegolvet, og at dansen blir brukt i fleire sosiale samanhengar enn i dag, legg han til.

Så kva no?

Vi treng både dei frivillige laga og dei profesjonelle aktørane. Saman kan vi skape gode møtestader der dei som vil kan møtast for å danse og ha det kjekt i lag.

– Det sosiale og dansefestane er grunnen til at eg vil drive med folkedans, fortel Solveig B. Hauknes.

– Det er viktig å ha førebilete på det sosiale dansegolvet også, ikkje berre på scena, legg ho til, og slår eit slag for fleire dansefestar.

For at dansefestane skal finne stad og bli dei sosiale og inspirerande møtestadene dei kan vere, treng ein både arrangørar og deltakarar, både profesjonelle og frivillige.

Og for at dansefestane og folkedansarane skal kunne overleve i lang tid framover, treng vi både levande dansemiljø lokalt, instruktørar og førebilete - både på og utanom dansegolvet. Og vi må vite å setje rett pris på dei formidlarane vi har i miljøet vårt, anten det er nok å gi eit klapp på skuldra og ein takk, eller betale eit høveleg honorar for jobben som er lagt ned.

Denne teksten er et samarbeid mellom FolkOrg, Sff og NU, og er forfattet av Rita Sirirud Vatnehol ved NU. Teksten ble først publisert på NU sin nettside.

Forrige
Forrige

Arkivdansekonsert for spell- og danserlag i Rørosområdet

Neste
Neste

Innspillmøte hos Trøndelag fylkeskommunes hovedutvalg for kultur